Close

Ein fargerik allianse

Del innlegg

På barnerommet sat ein gong ei jente og laga blogg på Piczo.com. Avisbilda var i svart-kvitt og sosiale medium fanst ikkje. Min Piczo-blogg vart derfor fylt med heimesnikra, ganske dårlege bilde, men dei skein i praktfulle fargar. Som med mange andre var dette mitt første møte med eit digitalt medium, der eg sjølv kunne bestemme innhaldet.

I dag er bloggmediet på eit vis både alliert med og i konkurranse med tradisjonelle medium. Allierte fordi dei vert nytta av avisene sjølve, og tar såleis del i det skrivne demokrati. I konkurranse fordi det oppstår eit hav av informasjon og ulike teksttypar – som alle knivar om folks merksemd.

Nokre fryktar eit resultat der mediebildet blir for kommersialisert, lettvint og sosialpornografisk. Sjølv trur eg at dei ulike media kan styrke kvarandre om dei tar fatt på ei seriøs blanding mellom djup og lett journalistikk. Ei av utfordringene ein sit igjen med då, er den etiske: Korleis kan ein verne om folks integritet og privatliv, og kanskje viktigast; at ein blir beskytta mot seg sjølv?

I spelefilmen om Facebook, «The Social Network», seier han som spelar Mark Zuckerberg at folk vil sjå menneske dei sjølv kjenner. Dette ser ein òg på Firdas populære «Nært og kjært»- side. I dag er det minst like viktig å kunne presentere og formidle sitt eige liv på nett, slik eg gjorde på Piczo for mange år sidan. Og det viser at media har utvikla seg til å bli ein inkluderande og fargerik plattform.