Close

Homo Automobilicus

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Noko hende i mennesket si utvikling. Først var vi menneskeaper og klatra i tre, deretter gjekk vi oppreist til fots, for så å ri på hest. Det moderne mennesket er ein køyrande skapning. Folk køyrer til trening, ja, nokre til og med ned til postkassa. Bilen har blitt ein slags familiemedlem, med sitt eige hus. Som gåande er ein annanrangs borgar, for bilane har teke overhand i byplanlegginga og har førsterett til det meste.

Sjå berre på lyskryssa. Bilar tutar og råkøyrer og kan gjere livsfarlege vendingar ein aldri ville akseptert frå ein syklande eller gåande. Dei får lov til å bråke, forureine – og ikkje minst ta opp plassen i gatene. Eg såg ein gong ei teikning på nettet eg hugsar godt. På bildet er bilane forsvunne, og vegane er erstatta av djupe hol. Bilvegen er rett og slett borte. Det slåande er kor lite plass det er igjen til dei gåande. Du veit, slik som naturen skapte oss.

Sekunda tikkar.  Etter å ha venta opptil fleire minutt, har du kring ti sekund på deg til å krysse vegen. Og så får du gjerne sølevatn over heile deg på kjøpet. Eg har sjølv som mål å klare meg utan bil, men må tilstå at det kan gjere det praktiske i livet utfordrande. Ting må gjerast kjapt, ungar skal hentast. Flytting er vanskeleg via fly, buss eller tog.  Nokre er dårlege til beins og treng bil for å leve normalt.

Firda-lesarar er villige til å køyre mindre og meir miljøvenleg, stod det i avisa 5. januar. Likevel trur eg vi kan sjå langt etter bilfrie sentrum, som Miljøpartiet Dei Grøne ønsker. Det slår meg at når vi, det moderne mennesket, har gjort oss sjølv så avhengige av bil at vi har utforma landskapet etter den; så blir det vanskeleg å skulle leve bilfritt. Kanskje må vi byrje tenke nytt; som å tilpasse vegen meir etter menneska. For det er vel først og fremst folk, og ikkje bilar, som bur og lever nede på jorda – og som bør ha førsterett på veg.