Close

Kjønn – eit flytande ord

Del innlegg

«Dette ordet er lite brukt», skreiv Ivar Aasen som ein liten notis i ordboka si, ved sida av ordet kjønn. Kjønn, som gir 11,7 millionar treff hos Google, var altså knapt i bruk då han levde for rundt 200 år sidan.

Det får filologen Kristin Fridtun i boka Kjønn og ukjønn til å spørje: Veit vi kva kjønn faktisk er, eller nyttar vi berre ordet laust omkring oss? Det er nemleg skilnad på ordet og fenomenet, meiner Fridtun. Dei fleste vil svare skråsikkert på kva kjønn dei er, men er på den andre sida ikkje sikre på korleis dei kan vite det.

Kristin Fridtun, som er transperson, skriv på knakande god, gammaldags nynorsk, om livet som korkje mann eller kvinne – men på same tid begge deler. I eit intervju med Vårt Land i september i fjor seier hen: «Jeg føler av og til at jeg avslører hvor skjørt kjønn er. Hvis jeg har kort hår og herreskjorte, ja da er jeg mann. Selv om jeg har både eggstokker, livmor og østrogen.»

Eg veit ikkje kor mange transpersonar Ivar Aasen møtte på si norgesferd. Det er i alle fall klart at han tolka «kjønn» i ordboka først og fremst som «slekt» og «familie.» Snodig – då ordet i dag handlar om alt frå kjønnssykdommer til blå versus rosa avdelingar i leikebutikken.

Når kjønnet på barnet er det første eit nybakt foreldrepar blir spurt om, kan ein jo førestille seg definisjonsmakta det synlege kjønnet har over folks liv. På bloggen Bestmedbart.no skriv transmann Luca Espseth at hans forståing av ordet kjønn er sosialt konstruert, fordi språket er ein sosial konstruksjon. Dermed blir alt ein tenker avgrensea av det same språket. Espseth og Fridtun sine konklusjonar er at kjønn ikkje er «anten-eller», men flytande. Min spådom er at ordbøkene om 200 år vil skrive dette.