Close

Kven kan rope høgast?

Del innlegg

Klokka fem fekk eg lov å kople meg på internett ein halvtimes tid. Om tante Inger fekk opptekesignal då ho ringde hustelefonen, fekk far kvile middag i fred.

No er eg vaksen og trådlaus. Mobilen har grodd fast, og i handa finst heile verda og meir til. Konsentrasjonen krympar støtt, og det skal mykje til for å bli imponert. Kva er vel barnelatter og sola som søkk i Nordsjøen mot sensasjonane som finst på internett? Russarar som har gjort bilen sin om til motorbåt, snakkande kattar og sakte film av vassballongar som sprekk. Å få med seg augneblinken er no ei fortløpande øving i disiplin.

Gjennom skodda hender det likevel at ein kan skimte nokre spesielle ord i ei viss rekkefølge. Dropar midt i fossen som skil seg ut i bulderet og larmen. Dei kan vere frå andre sida av kloden, om fjerne tema, eller om gamlingen på nabogarden. Den gode historia syner seg.

treffande bodskapar tek form i eit treffande språk, lik leira mellom skulptøren sine hender. I Norge er vi heldige nok til å ha fleire språk, og endå fleire dialektar. Norsk kan ein til og med skrive på to ulike sett. Dette gir gode arbeidsvilkår for skulptørane blant oss.

Vi står alle fram ved måten vi ordlegg oss på. Dei som er flinke til dette, treng ikkje rope for å bli høyrde.