Close

Retusjert sanning

Del innlegg

Eg sat på bussen for nokre veker sidan, der bussjåføren hadde stilt høgt volum på radioen. To menn snakka om korleis retusjering av landskapsfoto lurer turistar som kjem til Norge. «Dei har sett fantastiske nordlysbilde, og blir skuffa når dei ser det med eigne auge», sa ein av dei. Ja, for er ikkje norsk natur vakker nok som den er?

«Kva med alle modellane som blir retusjerte. Er ikkje dei fine nok frå før?», spør den eine radioverten. Det får meg til å tenke på ein reklame som dukka opp på Instagram nyleg. Reklamen viste eit portrettfoto av ei jente som blir retusjert «finare». Tennene blir plutseleg kvitare, andletet smalare, og huda glattare. Teksten under sa: «Wonder why your friends look better in photos?»

Tre av fire jenter kjenner seg deprimerte, skamfulle og skuldige etter å ha lese berre tre minutt i eit motemagasin. Derfor finst det organisasjonar som Ungdom mot retusjert reklame, som vil styrke unges sjølvbilde gjennom å minske og å merke retusjert reklame. Det er nemleg lett å gløyme at dei bilda vi ser ikkje er ekte. Når til og med dei som blir sett på som verdas vakraste, ikkje er gode nok som dei er, kven er det då? For dei kroppane ungdommen samanliknar seg med, finst jo ikkje.

Då eg intervjua ein fotograf i mars, prata vi litt om den massive bilderetusjeringa i dagens samfunn. «Som fotograf bør ein vel fange røyndomen, og ikkje formidle noko som er usant?» prøvde eg meg. «Men kva er sant? Er ikkje også sminka du har på deg forvrenging av røyndomen?», svara han. Det hadde ikkje slått meg at sminke kunne samanliknast med retusjering. Men er eigentleg sminka så skjult at den lurer og forvrengar sanninga, som eit photoshoppa bilde?

Er det berre greitt å pynte litt på ting, gjere verda bitte litt finare? Kanskje er retusjering eit uttrykk for ei fantasiverd vi skulle ønske vi levde i? Eg skulle ønske vi torde å konfrontere omverda med desse spørsmåla. Det finst menneske der ute som tener seg søkkrike på å gje andre menneske dårleg sjølvbilde. Retusjering vil selje eit forteljing om uoppnåelege og uverkelege ideal.

I ei tid der alt blir dokumentert med kameraet, er det viktig å hugse på den verkelege verda. Og ikkje gløyme at ho er fin nok som ho er.