Close

Risikoen for å treffe folk

Del innlegg

Lås ytterdøra, for med brua kjem rølpen seg til fastlandet. Når ingen kan sjå han på ferja og åtvare dei lokale heltane, rekk han både drikke og slåst. Det er best å passe seg for framande. Ein kan risikere å treffe folk.

Eitt av dei mest populære programma på NRK er «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Frå fuglekassane i bustadfelt landet over sit folk og drøymer om eit veglaust tilvære langt ifrå oss andre. Åleine er lukka.

Berg skal sprengast, alle avstandar kortast ned. Men noko er greiare på avstand. Avstandsforelsking er til dømes ikkje det same utan. Det kan vere betre å drøyme om kva som finst på andre sida av fjellet, enn å køyre over det for å finne Utstein industrianlegg.

For utan avstand er det enklare å vere nærgåande. Det blir fleire som skal fortelje deg korleis du skal måle huset, nokre spør deg til og med om å låne sukker eller mjøl. For å sleppe å få ukjende inn i hagen, kan ein plante hekk av stikkande berberis. På same måte blir benkar i offentlege byrom utstyrte med piggar og knottar, sånn at folk ikkje skal bli for komfortable på dei, og kanskje nærme seg sidemannen.

Me finn dei same piggane usynleg andre plassar. To venner på ein norsk turbuss fekk ikkje sitte saman, for bussen var nøyaktig halvfull. Alle passasjerane sat på kvar si seterad. Ei anna kjend scene frå Norge, er kafeen der alle bord er opptekne, men dei fleste stolar ledige.

Den som set seg med ein framand, kan fortelje at det inneber ein viss risiko. Du kan bli sitjande med dette mennesket resten av livet.