Close

To nynorskafrikanarar

Del innlegg

Hin dagen stod eg på Firda billag og venta på bussen. Der opplevde eg noko vedunderleg. Ved sida av meg stod to farga menn, som ut ifrå aksenten sin truleg kom frå den nordlege delen av Afrikakontinentet. Mange, deriblant meg sjølv, sit med ei stereotyp førestilling om at innvandrarar alltid snakkar gebrokken bokmål. Men nei. Ikkje desse karane.

Frå munnane deira kom nynorskord etter nynorskord, og ikkje var dei veldig gebrokne heller. Eg blei frelst, og lista meg så tett innpå dei som den norske privatsfæra tillét meg. Kva dei snakka om har eg ikkje peiling på. Eg var for opptatt av det nærmast opplesne nynorskmålet som rann ut av munnane deira som ei afrikansk elv med Ivar Aasen surfande oppå.

«Her har dei gjort noko veldig rett på Norsksenteret», tenkte eg. Dersom innvandrarar i Førde hadde lært å prate opplese bokmål, ville desse utlendingane ikkje berre vore med i minoritetsgruppa «innvandrarar», men også del av den språklege minoriteten «bokmålsfolk i nynorskland». Denne gruppa er det sjølvsagt ikkje noko gale med i seg sjølv. Men eg trur ikkje at ei allereie marginalisert gruppe som innvandrarar skal samle på minoritetsstatus.

Med alle dei syriske flyktningane som no bankar på Norges dør, er språkopplæring og integrering viktigare enn nokon gong. Mange av desse flyktningane skal busettast i skeptiske, små distrikt der dei kjem til å utgjere ein betydeleg del av befolkninga. Eg trur mykje skepsis forsvinn i det ein syrar sleng opp døra på Spar Hyllestad og grautar fram «kvar har de mjølet hen?».

Dei to mennene er nok andre stader no. Men i hovudet mitt står dei der enno, og pratar om hardingfeler, Kinn-øl og andre nynorskafrikanske ting.