Close

Underhaldning til folket

Del innlegg

Ein gong eg var på bar i hovudstaden, blei eg forfølgd av ei særs full dame som sa ho jobba i TV 3. Kvinna ville ha meg med som deltakar i realityprogrammet «Paradise Hotel». Trass i at eg takka pent nei fleire gonger, spurde ho meg alle moglege spørsmål, og det heile ende med at mi litt overbeskyttande venninne ba dama om å halde seg langt unna.

Frå å vere ei som ikkje fekk lov til å sjå på Big Brother i si tid, føler eg meg i dag bombardert av reality- program på TV. Eg visste jo at dei vaksne såg på Big Brother så snart borna var i seng. No er eg ikkje sikker på om dei unge lenger er skjerma frå den brutale verda reality- TV syner.

Grensa for kva programma kan vise, blir tydelegvis aldri nådd. Trudde du naken-dating eller å bli gift før ein møtest er det drygaste som har blitt laga på TV? Påmeldinga til eit reality-show på Mars har allereie starta. Der skal deltakarane forbli, og forhåpentlegvis formeire seg. I programmet «Back Where You Came From» blir australiarar sende til livsfarlege krigssoner og flyktningleirar i verda, for å teste om det påverkar haldningane deira til asylsøkarar. Det har også funnest show der ein konkurrerer mot dyr; der ei adoptert jente skal velje ut sin ekte far; og der ein lege avgjer kva slags mann som har raskast sperm til å befrukte ei eggcelle – med ein Porsche som premie.

Spørsmålet er vel snarare kva som ikkje har blitt gjort til underhaldning.  Dødsleie, plastisk kirurgi, fødsel, sex, toalettbesøk – alt er blitt sendt på TV. Grensene for det intime og private blir utfordra kvar gong ein skrur på TV-en. Har reality blitt fullstendig galskap, eller er det positivt at tabu vert brotne ned? Blir deltakarane utnytta, eller er det berre fint med litt variasjon i kva innhald vi skal bli tilbydd?

Sjølv er eg usikker. Men eg veit at eg aldri kjem til å sjå meg sjølv korkje naken-date eller dusje på Paradise Hotel nokonsinne. Å pusse opp stova mi, derimot – det kan eg fint tillate dei.