Close

Her er dei nye praktikantane

Del innlegg

Anna Trondsdotter Versto (f.v.), Eirik Dyrøy Lotsberg, Ingunn Gjærde og Snorre Standish Norheim er plukka ut blant 20 gode søkjarar til journalistopplæring i Stiftinga Nynorsk avissenter i Førde. Foto: Nynorsk avissenter

Dei har internasjonal erfaring, men no skal dei lære journalistikk med ei moderne lokalavis som klasserom.

Ingunn Gjærde frå Tysvær, Snorre Standish Norheim frå Bryne, Anna Jensen Versto frå Bergen og Eirik Dyrøy Lotsberg frå Sotra – to rogalendingar og to hordalendingar –  har fått plass som nynorskpraktikantar i det sjuande kullet i Stiftinga Nynorsk avissenter i Førde.

Dei fire journalistspirane skal vere på plass i Førde 22. august.

– Dagens journalistar må kunne digitale forteljemåtar og bruke sosiale medium til å fange tips og reklamere for god journalistikk, men samstundes er det avgjerande at dei lærer den klassiske journalistikken, i form av kjeldekritikk, etikk, sjangergrep – og sjølvsagt godt språk, seier Ivar Myklebust Longvastøl, journalist og dagleg leiar i Stiftinga Nynorsk avissenter.

Det var 20 søkjarar til fire plassar til kull sju som tek til i august. Her er dei fire utvalde:

Anna Trondsdotter Versto (22) er frå Bergen og har sterke røter i Vinje i Telemark. Ho studerer «Interkulturell forståing» ved NLA Høgskulen i Bergen og har nyleg kome heim etter fem veker med feltarbeid i Bolivia. Ho har vore utvekslingsstudent i Panama og har reist i Sør-Amerika, Asia og USA. Anna har vore aktiv i Natur og Ungdom og Amnesty International, og ho arbeider som badevakt og vektar ved sida av studiane.

– Eg har diverre ikkje ein skikkeleg nynorsk dialekt – noko eg alltid har furta litt over. Oppvaksen i Bergen, men med ei mor frå Vinje, har nynorsk likevel alltid vore nær, fortel Anna.

Ingunn Gjærde (25) frå Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland er bachelor i medievitskap og er i gang med ein mastergrad i demokratibygging ved Universitetet i Bergen. Bacheloroppgåva handla om korleis Erna Solberg og Høgre nytta sosiale medium og ny retorikk for å vinne stortingsvalet 2013. Ho har praktisk-pedagogisk utdanning og arbeider deltid som lærar på Fusa vidaregåande skule.

– Eg brenn for god formidling. Som samfunnsfaglærar ser eg kor viktig det er for forståinga og interessa til elevane. Eg vil lære meir om å nytte språket og nynorsken, til å formidle gode tekstar, seier Ingunn.

Eirik Dyrøy Lotsberg  (22) frå Landro på Sotra fullfører i vår ein bachelorgrad i mediekunnskap og kreativ skriving ved universitetet i Winchester. Han prøvde seg ein sommar som journalist i lokalavisa Vestnytt, som gav motivasjon og sjølvtillit til å søkje medie- og skriveutdanning i England. Her er  tema som Manipulating Media, Social Media og Crime, Media and Culture på timeplanen, noko Eirik meiner er eit godt grunnlag å byggje vidare på i Nynorsk avissenter.

– Eg har stor interesse og nysgjerrigheit for både lokale og nasjonale saker, og eg har ein lidenskap for nynorsk, seier Eirik.

Snorre Standish Norheim (25) frå Bryne på Jæren avsluttar i vår masteroppgåva si i samanliknande politikk. Han har gått Nansenskolen, vore utvekslingsstudent i Toronto og har studert rettsvitskap eitt år. Snorre har prøvd aviskvardagen som kulturjournalist i Studvest, studentavisa i Bergen. Intervju som metode var også ein viktig del av arbeidet  med masteroppgåva, der han mellom anna ser på korleis utdanning har blitt brukt politisk for å oppretthalde etniske skilje i Bosnia-Hercegovina.

– Eg vil bruke bakgrunnen min som statsvitar i arbeidet med å skrive grundige nyheitssaker, og kjærleiken til språk for å gjere sakene gode å lese, seier Snorre.

Nynorsk avissenter vart etablert hausten 2013, med avisa Firda i Førde som praksisplass. Praktikantane får fire månader praktisk og teoretisk opplæring i Førde, og deretter to månader i ein annan redaksjon. Med løn i heile opplæringstida.

Seks kull – 24 praktikantar – har til no gjennomført kurset. Det er krevjande tider i mediebransjen, men nesten  alle jobbar med journalistikk, kommunikasjon og språk.

Nynorsk avissenter samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter i Førde. NRK lærer opp journalistpraktikantar til radio, fjernsyn og nett, og deira vellykka rekruttering er modell for Nynorsk avissenter.

Føremålet er å lære opp dyktige, nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse, for på den måten å styrke nynorsken og journalistikken. Nesten alle praktikantane har ei anna fagutdanning i botn. NRK og Nynorsk avissenter lærer opp til saman 18 nynorskpraktikantar i Førde kvart år.

Vertsavisa Firda, utgjevarorganisasjonen Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) står bak Stiftinga Nynorsk avissenter. Opplæringa er finansiert av staten gjennom Kulturdepartementet, og av Firda.