Close

Løftar nynorsk som mediespråk

Del innlegg

Ivar Bruvik Sætre har markert seg som ein produktiv og skrivefør journalist i Nynorsk avissenter og Firda Media. Han held fram praksisen i mediehuset og har også fått sommarjobb i Firda. Foto: Ivar M. Longvastøl

– Å skrive på nynorsk betyr for meg at identiteten min også er med i skriveprosessen, seier Ivar Bruvik Sætre som er ein av fire nynorskpraktikantar ved Nynorsk avissenter i Førde. 

Av Sunniva Thingnes Leira, Motmæle

Kvart år tek Nynorsk Avissenter i Førde inn to kull nynorskpraktikantar som skal bli journalistar med nynorsk som mediespråk. Motmæle har slått av ein prat med praktikanten Ivar Bruvik Sætre.

– Kva vil det seie å vere nynorskpraktikant, og kvifor blei du det?

– Å vere nynorskpraktikant vil seie at ein går gjennom eit intensivt, praktiskretta og ikkje minst lønt opplæringsprogram for journalistikk hos Nynorsk Avissenter i Førde. Som namnet kanskje tilseier, er føremålet med opplegget å skape flinke journalistar som kan løfte nynorsken som journalistspråk. Nynorsk Avissenter held til i same bygg som lokal- og nynorskavisa Firda, som vi også til dagleg produserer for. Programmet består av fire månadar opplæring/produksjon for Firda og deretter to månadar praksis i ei valfri avis.

– Kva betyr det for deg å få skrive? Betyr det noko å få skrive på nynorsk?

– Skriving er favorittuttrykksforma mi. Det å strukturere idear på (digitalteller fysisk) papir er ein prosess der du må bruke både kreativiteten og intellektet. Og det er akkurat det som gjer det så interessant og utfordrande. Å skrive på nynorsk betyr for meg at identiteten min også er med i denne skriveprossessen. Med den nynorsknære Førde-dialekten eg har, gjer nynorsken det mogleg å få skrive slik eg snakkar, og det er utruleg viktig for meg.

– At nynorsken er allment synleg, og at bokmålsbrukarar også møter han i kvardagen, trur eg er viktig for framtida til målforma. Og då er det spesielt viktig at nynorsk også blir brukt som mediespråk.

– Er det noko spesielt som gjer journalistyrket spennande for deg?

– Det var skriveinteressa mi som lokka meg til å søke i utgangspunktet. Før eg byrja som praktikant, visste eg lite, om i det heile tatt noko, om journalistikken som fag og handverk. Men eg oppdaga raskt at det var langt meir enn sjølve skrivinga som skulle gjere journalistyrket spennande for meg. Eg får prate med nye folk, vere der ting skjer, jobbe med likesinna, jobbe under hektiske omstende og ikkje minst skape noko kvar dag. Det er ein einaste stor fest, spør du meg!

– Som journalist må du kunne takle ulike situasjonar og samhandle med ulike menneske. Korleis opplever du det?

 – Sjølv om dei fleste menneska ein møter på, er greie, har eg sjølvsagt møtt på meir vanskelege folk, som vrir seg unna, brukar hersketeknikkar og kanskje er ufine. Samtidig har eg møtt beskjedne folk som ikkje vil seie meir enn det absolutte minimum, eller medievane luringar som prøver å snike inn ein agenda eller ta føringa i saka.

– Å møte eit vidt spekter av personlegdommar er rett og slett ein del av jobben som journalist, og eigentleg er det berre med på å gjere ting meir spennande. Du må lære deg å tilnærme deg folk ulikt, og alltid vere nøyen på at det er du som har styringa. Og som sagt: Dei fleste du møter, er veldig kjekke folk.

– Som journalist vil du også hamne i alle tenkelege situasjonar, alt frå trafikkulykker og konsertar til politiske møte.

– Korleis ser ein «vanleg dag» ut som praktikant?

– Dei aller fleste dagane er akkurat slik dei ville vore som journalist. Du kjem på jobb, er på morgonmøte, kjem med idear eller får tildelt saker som du jobbar med resten av dagen. Du sit side om side med dei andre journalistane og kan spørje om det du lurer på. Men nokre dagar, spesielt i byrjinga, har vi forelesingar og kurs om alt frå sosialemedium til presseetikk.

– Er det nokon fordelar med å lære om journalistikken som praktikant i motsetning til dei som tar bachelor?

 – Ja, og eg trur den største fordelen er den enorme mengdetreninga du får. Sidan du jobbar som journalist dei fleste dagane, får du laga mange og varierte saker. Du får rett og slett oppleve journalistkvardagen.

– I tillegg er det sjølvsagt ein fordel at opplegget varer i eit halvt år. Det gjer at det blir intensivt og mykje å gjere, men dersom ein er motivert for å stå på, får ein ei mykje brattare og meir effektiv læringskurve enn ved å studere journalistikk.

– Det er sjølvsagt ein fordel å ha anna utdanning i tillegg, kanskje innanfor eit anna fagfelt.

– Kva synest du at du får ut av det? Vil du anbefale det til andre?

– Eg får erfaring med sjølve journalistjobben på ein heilt unik måte. Saman med bachelorutdanninga mi i engelsk får eg no ein kompetanse som utvilsamt gjer meg attraktiv som jobbsøkar. Eg vil anbefale det til alle som er motiverte til å stå på i eit halvt år og lære journalisthandverket ved å gjere!

Artikkelen var først trykt i «Motmæle», avisa til Norsk Målungdom, i mai 2016.