Close

Spesialist på kommunereform

Del innlegg

Kjell Åsmund Sunde har stortrivst frå første dag i Klassekampen. Foto: Ivar M. Longvastøl

Før eg byrja i Klassekampen fekk eg høyre frå fleire hald at det kunne vere lurt å spesialisere seg på eit tema.

Praksisrapport frå Kjell Åsmund Sunde

Eg hadde skrive nokre saker om kommunereform i Firda og synest det var spennande. Første dag i Klassekampen ytra eg eit ønske om å skrive meir om kommunereforma og sidan har det knapt dreia seg om anna. Det er moro og lærerikt å få moglegheit til å følgje eit saksfelt over lengre tid.

 Privilegium

Eg blei godt motteken og har kjent meg som ein del av redaksjonen frå første stund. Fleire av sakene eg har arbeidd med, har vore omfattande og tidkrevjande. Eg ser på det som eit privilegium å få prøve meg på denne typen saker.

 Satsar på papir

Klassekampen har ein strategi som skil seg frå mange andre aviser. Dei satsar fullt på papiravisa og har ein stor desk som tek seg av utsjånad og grafisk innhald. Det gjer at ein kan konsentrere seg meir om teksten.  Klargjering av saker til nettsida er det heller ikkje journalistane sjølve som gjer.

Utvida kontaktliste 

Tida i Klassekampen har vore svært lærerik. Her må ein kaste seg ut i det med beina først og håpe at ein ikkje landar på nakken. Kontaktlista mi på telefonen er kanskje det klåraste provet på at eg har snakka med mange om kommunereforma. Telefonnummera til over hundre ordførarar, fylkesmenn og stortingspolitikarar ligg trygt lagra der.