Close

Blekksprut-mayday

Del innlegg

Nest etter antibiotikaresistens og eit knippe andre farar, er blekksprutar mi største frykt. Dette trugsmålet er større enn kva ein lekmann kanskje skulle tru: Åtte slangar samla i éin hjerne, ein skrott med tre hjarte som pumpar blått kongeblod, gjev grunn til seriøs uro. Beista har trekt seg i heildekkjande kamuflasjedrakter, som kan likna både korallrev og tang og tare, og dei funksjonelle våtdraktene kan like gjerne danna faretrugande mønster – identiske med straumleiande ålar og drakefisk. Rovdyra har skjult skarpe nebb innimellom alle tentaklane, dei har jetmotor til framdrift og kraftige sugekoppar til å klengja seg fast og aldri sleppa taket.

Giftige gummiklumpar sym under vassoverflata, fulle av blekk og faenskap, villige til å kappa av ein arm om det trengst for å koma seg opp og fram i livet. Ute av syne, ute av menneskets sinn, legg dei planar for å kapra verdsherredømmet vårt. Bak ein stein tek dei mål av deg med to kjølige auge – som dei kan teikna fleire av i den magiske huda – kvar gong du er ute og snorklar etter perler og skjel. Åtte slangar til fangarmar, kvar med trutmunnar som kan suga som tenåringar og støvsugarar, er samla i éin diger, grå hjerne. Meisterhjernen har fri tilgang til utømmelege blekkhus, som dei nyttar til å skada fiendane sine med, når dei dyppar det skarpe nebbet og krotar ned ukvemsord på sitt ublu språk.

Blekksprutane flyt over alle osean, dei kan symja, dikta, klemma og spekulera. Krigsfråsegna er berre dagar og timar unna. Ein dag er sett av til blekksprutane, eg er sikker på det, og melder mayday. Om ikkje lenge tvinnar dei tomlar og styrer dronar med tankekraft. Det kan verta ein onsdag, ein torsdag eller ein av dei andre fem, men sikkert er det, at kampen kjem – og at vi-et som vi kjenner det, vil tapa. Vi må fuska grovt om vi skal vinna, finna fram kampviljen og dei skitnaste triksa i læreboka. Alt er lov i krig og kjærleik, heldigvis – takk og pris! No får vi bruk for admiralane, ubåtvesenet og avanserte sonarar. Politiske myndigheiter må varsla alle allierte, fylla diesel på Ula-klassen og krut på torpedoane; det er mot blekksprutane på kaldt og djupt vatn at det tyngste skytset må rettast.