Close

Danningsferd i Sunnfjord

Del innlegg

Mamma gjekk i si ungdomstid rundt i ei t-skjorte med teksten «Snakk dialekt, skriv nynorsk». Seinast i sommar drog ho meg og tvillingsøstera mi med til Arne Garborg si skrivestove, Knudaheio. Danning heiter det visst. Å nytte ei anna målform enn nynorsk, har aldri vore eit alternativ for meg. Nynorsk har alltid vore ein viktig del av identiteten min.

Sjølv om tilknytinga mi til heimbygda mi Nedstrand, i Tysvær kommune, er sterk, valde eg også å vende blikket ut mot den store, vide verda. Samanliknande politikk og studium i London har gitt meg mykje spanande påfyll. I London trefte eg eit nytt språk, nye kulturar og nye menneske. Med kofferten pakka full av nye inntrykk og erfaringar gjekk ferda heimover til Vestlandet.

Sunnfjord kan i grunn samanliknast med metropolen London. Elva Jølstra buktar seg nedover mot Førdefjorden, slik Themsen gjer i London (om mogleg med noko mindre laksebestand). I tillegg er Førde som ein magnet for shoppingturistar frå heile fylket, og kulturlivet det blomstrar.

Nå er eg svolten på å lære. Lære meir om regionen, og å lære å bli ein god nynorskskrivande journalist. Det er det eg har komme for, heilt frå nynorskbygda Nedstrand, via metropolen London, til nynorskbyen Førde.