Close

Dessertmelding

Del innlegg

Bystyret tok ein pause frå saksbehandlinga under årets siste samling i rådhuset, for å ete dessert i Førdehuset, og det gjorde eg òg. KrF, Venstre og MdG åt risgraut med jordbærsaus, det same gjorde eg, og vi likte det alle saman. Ap-folka supa kaffi og forsynte seg av ananasbrus og julebrus, tonen var gemyttleg og selskapleg, dei skjenka i stettglasa til FrParane utan å søle med vilje. Innimellom talar og pristildelingar togg Høgre-representantar på kanelstenger, kakemenn og krumkaker. Sjølv togg eg også på desse kakene og likte dei veldig godt, det sa eg då også til dei som sat rundt meg: Anna og Eirik, og eg ville ha sagt det til Ingunn òg, om ho ikkje hadde sete på gangen og skrive på ei sak om ulykkeskrysset som skal utbetrast, slik at dei som har overlevd turen frå Askvoll, også skal kome seg inn på E39 med livet i behald.

Demokratiet viste seg frå si beste og søtaste side denne torsdagen i desember, mykje grunna frisk julestemning og ein økonomi som er langt betre stilt enn for dei kommande kommunepartnarane i Gaular, Naustdal og Jølster, då alt frå budsjett og sirkus og ville dyr skulle behandlast. Få var dei som ville røre eigedomsskatten – fingrane av avgiftsknappen, sa politikarane som nett hadde drege ein bomring kring sentrum. Optimismen var stor, og det same var overmotet: Seinast innan 100 år skulle Førde by vere vakrast i kongeriket, vart det sagt frå ordførarhald, godt hjelpt av 500.000 ekstra kroner til planavdelinga i 2017, øyremerka ein person som skal hjelpe rådmannen med byutvikling og arealarbeid.

Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang, og når Tornerose vaknar frå sin djupe søvn, tredje sundag i advent, hundre år frå no, vil ho sjå at Førde ligg der i vintermørket, eit mørbanka vekstsenter nord i Vestlandsregionen, sjå an forholda og vurdere ambisjonen frå 2016 med kritisk blikk, og legge seg att med kalde tær og kryssa fingrar, klar for eit under i 2216. Men enn så lenge kan førdianarane glede seg over det som verkeleg betyr noko: Kommunebarometeret plasserer dei på ein fjerdeplass av borgarane som er mest fornøgde. Fuglane veit kva framtida bringar, men stoda per no er at politikarane leverer på kos og hygge.