Close

Det frie mennesket

Del innlegg

På ein stille fjord høyrer ein plutseleg ørsmå skvulp. Ei åre skjer gjennom vassflata, og ein kajakk glir lydlaust gjennom vatnet. Mennesket som sit oppi, har i byrjinga padla ustødig, oppjaga, og med mange tankar i hovudet. I eit desperat forsøk på å både padle og sjekke eposten på mobilen, endrar tyngdepunktet seg fort.

Kajakken er i ferd med å velte over til den eine sida. Iført shorts og T-skjorte vil ein dukkert i det våte elementet bli ei særs kald oppleving for den distraherte padlaren. Med eit panikkarta kast over til motsett side, klarer mennesket akkurat å unngå å kvelve. Der vart det nesten ein ufrivillig badetur.

Det ustødige mennesket vert litt prega av nestenulykka, men prøver seg sakte fram utover fjorden. Eit tak til venstre. Eit tak til høgre. Plutseleg sprekk skydekket opp, og den varme haustsola kikkar fram. For kvart åretak vert byen litt og litt lenger borte. Tankane som tidlegare vandra av garde til andre stader, verkar ikkje like viktige. Fabrikkar og hus forsvinn snart i horisonten, og mennesket senkar skuldrene. Ei kjensle av fridom slår inn over padlaren.

Etter få minutt på vatnet har mennesket klart å rømme frå stresset og maset i byen. Ei ny verd har openberra seg. Storslåtte fjell speglar seg i vatnet. Ei elv fossar nedover fjellsida, og himmelen er farga knallblå. Mennesket har raskt møtt på vill og urørt natur. Natur som kunne vore tatt rett ut av eit Astrup-måleri.

Vi bur midt i eit område fullt av turmoglegheiter, fjord og fjell. Vegen er svært kort frå butikkar og bilstøy, til den ville og vakre naturen. Når maset og kjaset vert for stort, kan nye og storslåtte naturopplevingar finnast rett utanfor dørstokken.

God tur!