Close

Eg er eit miljøsvin

Del innlegg

Når det kjem til miljøet, skal eg ærleg innrømme at eg er ein hyklar. Eg har ei sterk meining om at politikarane i Norge, og i verda elles, må få ræva i gir, ta innover seg det ekspertane og forskarane seier, og gjere noko for å stoppe utviklinga som kjem til å øydelegge planeten vår før si tid. Kommunereforma kan fint vente.

Denne meininga uttrykker seg ikkje i handlingane mine. Sjølv gjer eg lite (les: ingenting) for å hjelpe. Eg er dårleg til å resirkulere, eg kastar mat, kjøper meir ting enn eg treng, og køyrer på biltur berre på gøy. Eg tar sjeldan, om i det heile, til orde for at noko må gjerast. Jo då, eg tar vanlegvis toget viss eg skal frå Bergen til Oslo, men det er meir fordi eg likar å ta tog og misliker flyplassar, enn det er eit bevisst miljøval. Eg legg alt ansvaret på politikarar som ope nektar å halde klimaavtalane dei har inngått, og viser i ord og gjerningar at klima og miljø er langt nede på prioriteringslista. Siv Jensen uttalte i fjor at ho tviler på menneskeskapte klimaendringar. Eg trur ikkje klimaet har stor tru på Siv Jensen heller.

Men korleis kan vesle eg gjere ein skit for å redde verda når klimautfordringane er så overveldande store? Det er umogleg ikkje å bli apatisk. Mitt forbruk er ein liten drope i eit svært hav av CO2, og det verkar meiningslaust å endre gamle vanar når det knapt vil ha ein minimal effekt på det store bildet. Eg trur denne apatien sit sterkt i folk, og det må skje drastiske ting for at den skal endrast. Vi har blitt vane med å høyre om klimaendringane og verdas undergang. Vi er litt leie, til og med. Vi fnyser av røyndomsfjerne miljøforkjemparar. For å sitere éin-hit-artisten Gotye, fritt omsett til norsk: «Vi går planken med auga vidopne.»

At 86 aksjonistar tidlegare i år utsette seg sjølv for bøter på til saman over ein million kroner for ei sak dei trur på, er beundringsverdig. Sivil ulydnad er eit lovbrot, og ein kan tenkje kva ein vil om det. Men vi har alle noko å lære av folk som nedprioriterer sine eigne interesser for å sende ei høg og klar melding om at vi ikkje kan halde fram med å tru at ting ordnar seg av seg sjølve.