Close

Eventyrlyst og heimlengsel

Del innlegg

Kall det blanke ark, rastløyse eller nysgjerrigheit; då eg var ferdig på vidaregåande var planen klar. Eg skulle ut og utforske verda. Eg sat oppe om natta og studerte verdskart, drøymde om storbyar og skyfri himmel tre dagar på rad, om spenning og opplevingar som det er underskot på i Norge.

Dei seier at borte er bra, men heime er best. At du ikkje veit kva du har før du mister det. Som ein stor motstandar av klisjear, nekta eg naturlegvis lenge å innsjå sanninga i dette. Men halvvegs gjennom eit treårig opphald som student i den vesle, erkeengelske byen Winchester, starta heimlengselen så vidt å konkurrere med eventyrlysta. Snart byrja eg å sakne ting eg kanskje hadde tatt for gitt. Vestlandsnaturen. Små sosiale skilnader. Grandiosa. Før eg flytta frå Norge hadde eg aldri frivillig ete ei skive med brunost, men då eg oppdaga at dei faktisk selde ekte Gudbrandsdalsost frå Synnøve på marknaden i Winchester, var den kjøpt og betalt raskare enn du kan seie «God smak i over 100 år.»

Eg studerer framleis verdskart frå tid til annan. Eg kjenner framleis på eit brennande ønske om å lære nye språk, å bli kjend med framande kulturar, å oppleve ting som ein ikkje kan drøyme om i vesle Norge. Men for augneblinken nyt eg tilværet i verdas beste land å leve i, med klokkeklart drikkevatn, med fjell og fjordar og Fjordland, og menneske som forstår tydinga av ordet «hygge». Så veit eg at eg har noko å lengte etter neste gong eg vender nasen utanlands.