Close

I eit spel av fargar

Del innlegg

Du har kanskje sett dei, eller høyrt dei. Hundre barn og unge, frå 35 land, ståande på same scene. Eit virvar av fargar. Norske folketonar, ungdomskultur og afrikanske rytmar. Alt blanda saman i eit kunstnarisk prosjekt. Dei heiter Fargespill, og speglar oss som vi er, om vi opnar augo.

Mange av Fargespill-aktørane er komne til Norge som flyktningar eller asylsøkarar. Andre er fødde her. Dei er store og små, gutar og jenter. Sju, seksten eller 25 år gamle. Felles er at dei alle deler den same driven, dei same ønska, dei same kjenslene. Gjennom musikken vert sterke band skapt på tvers av kulturar. Fargespill evnar å dyrke fram og verne om mangfaldet som finst rundt oss.

Høgrepopulismen er på frammarsj i store delar av verda. Ein mann med bryske auge og skremmande haldningar får snart makta i USA. Ein statsråd, den einaste som tilsynelatande ikkje høyrer til «eliten», gir tommel opp på Facebook for kvart barn som vert sendt ut av landet. Like og dele-kulturen når nye tvilsame høgder.

Ei statisk verkelegheit gir lite. Ein ser ikkje fargane, høyrer ikkje tonane. Slik vert det ukjende skummelt. Kulturelle og religiøse forskjellar vert kritiserte, framfor å bli hylla som moglegheitene dei er. Difor er Fargespill så viktig.

Å samle ulike kulturar i eit scenisk prosjekt, krev arbeid og på­gangsmot. Men som ein gjerne får høyre i Fargespill: «Viss det ikkje er vanskeleg, så vert det ikkje bra». Å sjå ressursar framfor byrder er deira viktigaste bodskap. Med rein glede viser aktørane oss ei verd som ikkje er svart-kvit.

Det er likevel ikkje dei flotte fargane som gjer Fargespill så spesielt. Eit eksotisk preg blanda med norske tradisjonar pirrar nysgjerrigheita vår. Men det stikk djupare enn som så. For bak kvar tone, ligg det kjensler. Bak kvart menneske, ei historie. Og aller mest: i ulikskapen ein likskap. Dette fortel Fargespill – for dei som vel å lytte.