Close

Ikkje min feil, vel

Del innlegg

Eg vart fødd 12 dagar etter termin. Pappa pleier å seie at eg aldri har tatt den tida igjen.

Du skjønar, det er ikkje min feil. Eg hadde gode intensjonar. Eg hadde planar om å komme tidsnok, å ta ut søppelet, å svare på den eposten. Men noko kom opp – eg vart ståande i kø; mobilen var tom for straum; eg vart distrahert. Eg kunne ikkje ha føresett det. Ikkje gi meg det blikket. Eg gjorde alt eg kunne. Eg bad deg jo om å minne meg på det.

Hjernen har ein utruleg forsvarsmekanisme mot sjølvkritikk. Er mekanismen rusten, om du tek for mykje inn over deg, kan det fort gå utover sjølvtillit, og i verste fall psykisk helse. Slepp du inn for lite kritikk, derimot, vil sjølvtillita skyte i vêret, på kostnad av sjølvinnsikta. Det handlar vel, som med så mykje anna i livet, å finne ein god balanse.

Men det følest så godt å kunne legge skulda på omgjevnadane. Å fråskrive seg ansvaret for at ein ikkje lever opp til forventningane. Sjølv, når eg kjem peisande inn i eit rom femten minutt for seint, og kjenner på oppgitte, skuffa, skuldande auge frå alle som har venta på meg, kan eg med godt samvit trekke på skuldrene. Eg vart jo fødd seint, ikkje sant?

Faren er at det lett kan bli ein vane. At ein er klar over problemet, men ikkje jobbar med å forbetre seg. At folk vert vane med at du ikkje er til å lite på, og senkar forventningane dei stiller til deg.

Ironisk nok sit eg i skrivande augneblink og stressar for å fullføre denne teksten før fristen. Eg burde helst ha levert den i går – men det var så mykje anna å gjere. Og så jobbar eg jo best under press, uansett.