Close

Del innlegg

Det dirrar i kroppen. Siktet lear seg i takt med pusten, fingeren nappar. På hundre meters hald skal eg treffe blink. Eg har gjort det før og klarer det fint igjen. Karane står diskret bak meg. Dei følgjer nøye med. Hefta av uønskt merksemd, freistar det å peike rifla ei lita aning i deira retning, men eg let det bli med tanken.

Som ofte elles er eg einaste jenta på skytebana. Småirritert skyt eg mine fem skot fortare enn alle andre. «Eg skal no vise dei!», tenkjer eg. Med fem blinkskot på rappen, pustar eg letta ut. Det kjem samtykkande nikk frå karane. Når eg møter blikket deira, kjem dei visst ihug at dei har ting å gjere, dei også. Eg pakkar saman, og ein veteran blunkar til meg. Med heva hovud går eg nøgd derifrå.

Det er ikkje alltid enkelt å bevege seg inn i eit mannsdominert miljø som jakt. Kvinner kan oppleve skepsis, mistru og større krav om å bevise deira rett til å ha grep om rifla. Sjølv om ein føler seg uglesedd på skytebana, vel eg likevel å tru at mange karar vil ha oss med på laget.

Heldigvis er dette tilfelle i mitt eige jaktlag. Karane våre kjenner oss, og dei vil oss vel. Dei slepper til ferske jenter som vil lære og prøve, og dei veit å vike når dyret er felt. Med tolmod og ein stor dose pedagogikk guidar dei oss i elgens anatomi medan vi har kniven godt plassert i handa.

Men jakta dreier seg ikkje berre om byttet. Den er eit sosialt fellesskap utan like, og stunda rundt lunsjbålet heilag. Jakthistorier vert fortalde for n’te gong. Ungane masar om når elgen kjem. Sjokolade vert sendt rundt medan ein gjer narr av dei som håplaust steiker ostesmørbrød over flammane. For ei stemning! Med jenter i overtal må også den erfarne jaktleiaren berre rekne med å bli erta. Og nåde han om han ikkje parerer med ei kjapp tunge!

Dei viktigaste erfaringane kjem med alvoret. Konsentrasjon på post og forståing for naturen vert ei danningsreise. Kven har vel ikkje godt av det? La jentene sleppe til, så skal vi vere modige nok til å ta grep – om rifla også.

Eg lovar dykk, gutar, de vil ikkje angre!

– La jentene sleppe til, skriv Anna Trondsdotter Versto. Her saman med to jaktkollegaer.