Close

Klassebølla vann valet

Del innlegg

Denne gongen var det bølla i klassen som vart vald til å representere elevane. Han som sit på bakre rad, med beina på bordet, og hiv papirkuler i bakhovudet på dei andre. Han som aldri gjere lekser, og som kjem med høglydte, stygge kommentarar. Han som alltid er tema på lærarrommet, og som er kjend for å mobbe både elevar og lærarar. No er det han som skal bere klassen sitt ansvar på skuldrane sine.

Vi tar val heile tida. Små val og store val. Men nokre val er viktigare enn andre. Dei store avgjerene, der mykje står på spel. Om ein vel feil, finst ingen angreknapp.

Dei flinke jentene på første rad er i sjokk. Kvifor vart ikkje elevrådsleiaren vald? Ho som ivrig rekker opp handa på alle spørsmåla læraren stiller. Ho som alltid sit klar på stolen sin fem minutt før timen startar, og øver fem dagar i førevegen til alle prøvane. Ho som bakar kake på læraren sin bursdag. Det vart ikkje ho denne gongen. Nei, no ønskte klassen forandring.

Vi gir bølla ein sjanse. Har vi gitt makt til feil person? Kanskje. Nokre elevar angrar nok på valet sitt. Det er ikkje før etterpå at dei forstår følgjene. Mange er uroa for framtida. Magefølelsen seier kanskje at å velje den største bråkmakaren ikkje var så lurt. Men det eksisterer ingen angreknapp. Gjort er gjort. Valt er valt.

Ein sjeldan gong er det nettopp klassen si bølle som vert vald. Vi fall for den fine sveisen, for det lure smilet, for sjarmen og pågangsmotet. Vi valde bort det trygge og sikre. No veit vi ikkje heilt kva vi kjem til å få. Neste gong er det bølla som skal representere klassen. Vi kryssar fingrane for at han kjem til å oppføre seg. At han ikkje kjem til å skulke, og at han ikkje blir kalla inn på rektor sitt kontor, når han har nekta å samarbeide med dei andre.

Kanskje vil anerkjenninga frå resten av klassen gjere at han tar ansvaret på alvor. Vi får håpe at han sluttar å mobbe småungane i friminutta. No må bølla bli vaksen, og det fort.