Close

På gjennomreise i vest

Del innlegg

Å dumpe ned i Førde sentrum har vore planen sidan mars, og etter kvart er eg kommen til at denne planen held mål, og vel så det. Eg er komfortabel med han. Med laurdagsutgåva er den første veka over, og kanskje er vi no på veg opp Hafstadkleiva; i alle fall hadde eg ein slags plan om det.

For å temje det frie ordet har vi mellom anna måtte lære oss Saxo, eit program for å formatere brødteksten og titlane som utgjer dagens «Skrivekløe», og som nok er det vrangaste av eit halvt dusin program som trengst for å meistre den nye jobbkvardagen på huset. Vi triksar og miksar, gjer vi, prøver og feilar, og smått om senn tileignar vi oss journalisthandverket.

Då oppmodinga om å søke seg til Framtidsfylket landa i innboksen, ein peikar frå FINN + «Gjør det!», stod lite anna enn seksti studiepoeng og ei masteroppgåve i hovudet på meg. Tidshorisonten var 1. juni; det der med jobb, pensjonspoeng og evig liv var sett på vent. Likevel høyrde eg på venninna mi, snart vart eg beden på intervju – og jo då, vi kom til semje, sjefane og eg. Så kom 1. juni, sommarferie med hundepass, før eg pakka ørten krydderglas og drog min veg, til Sogn og Fjordane, for éi veke sidan.

Her oppe har eg knapt vore før – til liks med mange av mine jamaldrande har eg reist meir i utlandet enn rundt om i heimlandet. Men trass i at eg er fersk, håper eg å vise at eg har noko å fare med. Eg satsar på eit vinn – vinn-forhold, og har store forventningar til at hjernane bak Trivselsfylket og andre motto har orda sine i behald.