Close

Pønk og trafikklys

Del innlegg

Det gjekk rundt og rundt for meg, på Bryne der eg voks opp, i rundkøyringane som finst rundt kvar ein sving. Stort sett er det det stasjonsbyen på Jæren er: rundkøyringar, med bilveg streka opp mellom hus, kino og kjøpesenter. Folk heime snakkar om det heile tida, og hevdar å ha flest i landet; det vert fleire og fleire, det tek aldri slutt med desse rundkøyringane.

Men sidan eg kom til Førde, er det faktisk raude, gule og grøne trafikklys eg har vore mest oppteken av. Kultbandet Kjøtt (1979–81) gav ut låten «Nå vil jeg ikke leke med teitinger med», der dei konstaterte, på pønkete vis, at «Trafikklysa lever sitt eget liv». Til trommer og raffe gitarriff, syng Helge Gaarder at han slett ikkje forstår seg på satellittar, på pyramidar, på statistikkar.

Eg syng når eg kryssar gata, på veg til jobb; eg kan ikkje anna. Uinnvigde vil kanskje ha problem med å få med seg den radikale bodskapen, men i trafikklyset såg bandet lagnaden skine, sterkt og uvilkårleg: at verda held fram utan deg, sjølv når du ikkje fattar stort.

Kjøtt følgde sporet vidare, om menn som ville bli beundra («Jeg vil bli som Jesus») og eit null med kikkertsikte som ofra alt («Mannen på taket), berre for å bli berømt. Ein eg-person lid av sjelekvalar på «Urbane problemer», og opplyser at samvitet klør. Songane er fyndige og treffsikre, og heldigvis kan eg informere om at det finst ein underskog av liknande, norske band.

Favoritten er The Aller Værste; dei sklei meg så nær innpå livet. Eg køyrde forbi Kiwi, ned mot rundkøyringa og undergangen ved Bryne stadion. «Dans til musikken!» ropte radioen då. Veit du heilt sikkert at du er fri? spør Lasse Myrvold retorisk på danselåten. Musikken til TAV! er maks gøyal, men ikkje grensesprengjande. Banda trassa eit vilt, men konformt pønkmiljø, og bygde låtar på hakkete ska-rytmar.

Chris Erichsen utgreier eit paradoks i NRK-dokumentaren Punx: «Ingen andre kunne spele som oss, nettopp fordi ingen hadde nøyaktig dei same avgrensingane som vi hadde. Så det var grensene som forløyste The Aller Værste.» Den sprelske musikken til TAV! vart altså til på grunn av stramme konvensjonar.

Trafikklysa lever sitt eige liv, det kan vi gjere fint lite med. Av og til må vi stoppe og vente på grønt lys; vi vert låste i situasjonen og kjem oss ikkje av flekken. Slike reguleringar rammar inn kvardagen, men dei treng ikkje hindre oss i å briljere. Det er musikken til TAV! eit strålande bevis på.