Close

Profesjonell benkeslitar

Del innlegg

Ein skal passe seg for å snakke stygt om fotball. Sist helg var eg med Firda for å dekke kampen mellom Florø og Førde. Eg hadde ei enkel oppgåve: ver der det skjer, ta foto og ha ei viss peiling på kven dei blå og kvite skjortene er. Jammen klarte eg likevel å kludre det til då eg presterte å spørje kor lenge ein omgang varer, der eg stod blant fleire sportsjournalistar. «Å, så vi har ein kulturjournalist blant oss!». Skaden var skjedd, eg måtte stå fram. Når det kjem til fotball er eg nådelaust uinteressert. Kanskje fordi eg som lita var profesjonell benkeslitar på eit av dei beste laga i Bergen Vest.

Fotball er ein viktig arena. Mellom pasningar, skrubbsår og mål får ein opplevingar og vener. Foreldre stiller ihuga opp, heiar og jublar – sjølv om ein så spring forbi mål, i retning klubbhuset og den herlege vaffellukta. Det er utan alvor når borna svinsar omkring med korte bein og store draumar. Men grensa er hårfin. Der barneidretten balanserer mellom moro og sunne utfordringar, skjer det noko etter kvart som ungane veks til og blir skarpare i kantane. Ein må vere tøff, prestere, vinne. Trenarane vil ha resultat, sjølvsagt. For ei som meg med hengslete kropp, lite finmotorikk og eit hovud i skyene, vart desse krava for store. Slik møtte eg benken.

Når pokalen var innan rekkevidd, vart eg og mine med-benkeslitarar trygt plasserte på sidelinja. Stjernespelarane fauk over bana, leverte mål og leia laget vidare. Glansen deira nådde heilt bort der vi sat, i skuggen av trenarens ros, meint for nokre få. Øving gjer meister, men det hjelper lite om berre dei beste får prøve seg. Slik blir vegen frå benk til bane for lang, medan vegen vekk derifrå freistande kort.

Eg forlét benken, bana og ballen og har sidan ikkje sett meg tilbake. Innhentar fotballpraten meg, er eg heller ikkje sein med å la tankane fly. Det er ikkje så verst, så lenge ein unngår pinlege situasjonar. Om ein vert avslørt, som då sportsjournalistane tok meg på fersken, er det ein trøyst å vite at ein ikkje er åleine. For benken er lang, og har truleg fanga fleire fotballstjerner verda gjerne skulle sett.