Close

Taco og omskjering

Del innlegg

Tradisjon – smak litt på ordet. Det er varmt og trygt og hyggeleg og luktar av peparkakedeig, fredagstaco og smeltande iskrem i barnetoget på grunnlovsdagen. Det er å gå på den same restauranten kvar gong du skal ut å ete, for då veit du at du får noko du likar.

Tradisjon er, så vidt eg kan sjå, den einaste grunnen til at ein million nordmenn samlar seg rundt tv-skjermen kvar julaftan formiddag for å sjå ein austtysk-tsjekkoslovakisk eventyrfilm frå 1973, kor ein 45 år gammal mann har alle stemmene. Tenk litt over kor absurd det er. Det er min favoritting å fortelje til folk utanfor Norge, fordi dei ikkje kan tru det.

Tradisjon er ei førehandsinnstilling som vi ikkje treng å tenke eller reflektere over. Sånn vi gjer det; sånn har vi alltid gjort det. Det har verdi fordi det er tradisjon – det er tradisjon fordi nokon kom fram til at det skulle vere sånn, fordi det var praktisk, eller moralsk riktig, eller berre blei slik, for 10 eller 100 eller 1000 år sidan. Det er ei billig unnskyldning vi brukar for å avvise folk som ber om endring og framgang.

Tradisjon er òg omskjering av spedbarn. Det er livsfarlege våpenlover i USA. Det er ekskludering av minoritetar, og rigide kjønnsroller.

Jo då, jula er mi favorittid i året, nettopp på grunn av mange av tradisjonane som høyrer med. Problemet er at tradisjonar ofte ligg så tett opptil kjensler og personlege opplevingar at det er svært vanskeleg å ha ein rasjonell diskusjon rundt dei. Dei gror seg fast og vert ein del av ein slags felles identitet, heilt til vi gløymer kvifor vi byrja med dei i utgangspunktet. Og stort sett er det harmlaust. Å ta ei gran inn i stova og dekke den med pyntegjenstandar ein gong i året er sjukt merkeleg, men trass alt uproblematisk. Å bruke «I Norge spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt» som eit politisk argument, er ikkje det.