Close

Usosiale medium?

Del innlegg

Det er ei velkjent scene. Tre gode vener sit i eit rom, i kvar sin stol, med smarttelefonen i handa og stirer inn i kvar sin skjerm. Ingen har ytra eitt ord på fleire minutt, så oppslukte er dei av det som går føre seg på Facebook, Instagram og Snapchat. Det er trist, tenker du kanskje. Så uhorveleg trist.

Men plutseleg bryt den eine ut i latter. Kva? spør den andre. Få sjå! ropar den tredje. Og så samlast dei rundt ein video av ein katt, eller kanskje folk som fell, eller kanskje noko så bisart, noko som speler på ein så intern humor at ingen i ei mils omkrins ville skjøne kva det var som fekk desse tre til å le til dei fekk krampe i munnvikane.

På andre sida av landet sit det to ungdommar på buss heim frå skulen. Hadde det vore før, ville dei ha snakka ihuga i lag, om kva dei gjorde i helga, om kva dei skulle på kvelden, om kven som var favorittfotballspelarane deira. Men sidan det er 2016, sit dei sjølvsagt med kvar sin mobil utan å seie eitt ord. Før ein av dei seier: Har du høyrt om det som skjedde i Tyrkia? i Syria? i Orlando? og den andre svarar: Ja, eg las om det på Twitter i matpausen. Kva dei gjorde i helga er dei allereie oppdaterte på; dei er bestevenner på Snapchat.

Ein heilt annan stad sit det ein person på rommet sitt. Taklampa er sløkt, og det einaste lyset i rommet kjem frå datamaskina han har på fanget. Han er aleine, og han trivst med det. Men skulle det vere noko, er han berre nokre få tastetrykk frå heile verda – eller i alle fall frå vennelista si på Facebook.

Stundom tenker han at sjølvsagt er ikkje Twitter ei tilstrekkeleg kjelde for nyheiter. At det finst meir givande ting ein vennegjeng kan gjere enn å sjå på videoar på YouTube. Kanskje har vi heilt mista evna til å konsentrere oss i meir enn ti sekund. Og kanskje har vi alle blitt allergiske mot å kjede oss, og gjort oss avhengige av konstant validering. Men likevel er det fint å ha heile verda framfor fingertuppane. Og kanskje, berre kanskje, er det ok å føle seg bra av at folk liker eit bilde du har delt, anten det er ein sjølvi, ein middagstallerken, eller utsikta frå terrassen på hytta.