Close

Skal røkte språket i Os

Nynorsk Avissenter Kull 6 Bylinebilde Erlend Astad Lorentzen

Del innlegg

Erlend Astad Lorentzen er på plass som informasjonsrådgjevar i Os kommune.  Han skal vakte nynorsken og syte for klart språk frå kommunen.

Erlend gjekk i kull seks i Nynorsk avissenter. Han hadde ekstern praksis og deretter sommarjobb i Dalane Tidende, avisa i heimbyen Egersund.

27-åringen er master i språkvitskap frå Universitetet i Bergen, og han hadde mellom anna jobba for Google, med norsk talesyntese og talegjenkjenning, før han kom til Firda og Nynorsk avissenter i januar i år.

– Språkrøkt og klarspråk vert hovudoppgåvene mine i Os kommune. Eg får ansvar for språket i brosjyrar og rapportar, og eg skal publisere på nettsidene til kommunen, og på intranettet der den interne informasjonen ligg. Sosiale medium vert også ein viktig del av jobben, fortel Erlend.

 – Kva lærte du på Nynorsk avissenter som du får nytte av?

– Eg lærte mykje av å vere journalist og av å skrive nynorsk. Som journalist må du gå inn i kommunale papir og finne det som er viktig for innbyggjarane, og du må fortelje det til lesarane på ein klar måte. Dessutan lærte eg meir om digital formidling, seier Erlend.

Egersundaren hadde bokmål som opplæringsmål og hovudmål då han kom til Nynorsk avissenter. Han fann raskt ut at dialekten hans ligg nærare nynorsken, og no er nynorsk førstevalet.

Publisert 11. oktober 2016