Close

Her er dei nye praktikantane

Del innlegg

Oppe f.v. Mone Celin Skrede, Martin Årseth, Svein Olav Sæter og Ragna Bogsnes Hegge. Foto: Nynorsk avissenter

Nynorsk avissenter har plukka ut fire nye praktikantar, som får ein eineståande sjanse til å lære journalistikk på eit halvt år.

Ein stril, ein sunnmøring, ein sunnhordlending og for første gong – ein romsdaling – dannar det åttande kullet i avissenteret i Førde, som Stiftinga Nynorsk avissenter driv i tett samarbeid med avisa Firda.

Etter jul ventar ei intensiv opplæring i Førde, der «å lære ved å gjere» er sentralt. Dei fire vert kasta rett ut i praksis, under rettleiing av erfarne journalistar.

Martin Årseth (28) er frå Alversund i Lindås, for tida busett i Oslo der han er vikar i Nynorsk pressekontor.  Han har vore journalist i Vest-Telemark Blad og var med å vinne journalistprisen for Telemark i 2014. Martin er bachelor i historie og er i gang med ein mastergrad i nynorsk skriftkultur.  Han har brei organisasjonsbakgrunn, frå mellom anna Studentersamfunnet i Bergen, Norsk Målungdom, Noregs Mållag, Nei til EU, partiet Raudt og Studentparlamentet  ved Universitetet i Bergen.

– Eg har gått gamleskulen som journalist, byrja i lokalavis og teke steget til hovudstaden, men eg er heilt utan utdanning i faget. No søkjer eg eit betre fundament for å satsa vidare som journalist, seier Martin.

Ragna Bogsnes Hegge (20) er frå Husnes i Kvinnherad. Ho tok eit årsstudium i psykologi etter vidaregåande skule og arbeider i haust som pleiemedarbeidar på sjukeheim og i heimetenesta i Trondheim kommune. Lysta til å bli journalist vart vekt då ho hadde arbeidsveke i lokalavisa Kvinnheringen i niande klasse. No er ho klar til å ta opp igjen journalistikken og lære meir.

– Det er viktig for meg å bruke og ta vare på skriftspråket som byggjer på talemåla våre, og eg ønskjer å vere ein stolt representant for nynorsk i media, seier Ragna.

 Mone Celin Skrede (25) frå Hareid på Sunnmøre er bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd eitt år som journalist i lokalavisa Vikebladet Vestposten, der ho framleis er frilansar, og ho hadde praksis i Dag og Tid som ein del av utdanninga. Mone Celin har også studert engelsk språk og litteratur og media, IKT og design. Ho målar bilete og er engasjert i kunstlaget i heimbygda.

– Eg har skrive mange kultursaker. I Nynorsk avissenter ønskjer eg å bli betre på politikk og samfunn, og til å bruke digitale plattformer, seier Mone Celin.

Svein Olav Sæter (19) er frå Molde og avslutta vidaregåande skule i vår. Sist sommar arbeidde han for Leger Uten Grenser, der han banka på dørene til tusenvis av personar på Vestlandet, for å overtale dei til å teikne seg som faste gjevarar. Svein Olav var utvekslingsstudent i Québec i Canada skuleåret 2014-2015, og han er no frivillig medarbeidar for AFS Internasjonal Utveksling. Han er interessert i politikk, driv ei privat meme-side, er aktiv på Twitter og brukar sosiale medium i arbeidet for AFS. No ser han fram til å skrive nynorsk på heiltid.

– Eg har lenge hatt lyst til å lære nynorsk skikkeleg, ei målform som ligg nær talemålet mitt, seier Svein Olav.

Publisert 16. november 2016