Close

Lat meg sitte i fred!

Del innlegg

Eg ser meg grundig rundt til alle kantar. Leitar. Der! To ledige sete på rad. Dei er mine.

Eg slenger meg ned i innste sete, og skrur podcasten på full guffe. Veska mi set eg i nabosetet, gjerne føtene også. Eg snur hovudet mot glaset, og let augo att slik at alle skal tru eg søv. Det er vel ingen som kjem til å spørje om å få sitje med meg no?

For på bussen vil eg vere i fred. Eg gjer alt eg kan for å virke som dårleg selskap. Nokre gonger vurderer eg å late vere å dusje veka før eg skal på tur, eller å smøre makrell i tomat på nista. Men stort sett går eg berre for å fullaste nabosetet, og å late som eg søv. Eg er ein seteokkupant, som reiseselskapet Skyss så fint kallar det: «Person som tek opp ledige sete med veske, sekk og posar».

Min teori er at det handlar om personleg rom. Du veit, den raude ringen vi kan teikne rundt oss sjølve, som vi ikkje vil at nokon skal trø innafor. Rett og slett rommet med luft vi vil ha i fred. På bussen full av framandfolk treng vi endå større rom. I tillegg kjem størrelsen på det personlege rommet faktisk også an på kor nært ekvator ein har vakse opp, viser undersøkingar. Jo nærare ekvator, jo mindre personleg rom har ein behov for. Det er kanskje unødvendig å seie, men Noreg ligg ganske langt frå ekvator.

Så vert bussen full, og den gruelege augneblinken kjem: «Er det ledig her?». Eg skodar olmt på den stakkars medpassasjeren, og flyttar motvillig veska. Resten av bussturen sit eg med eit ubehag, for nokon har trakka over, og øydelagt, den fine raude ringen min.

Men neste gong eg går på bussen, er det ikkje ein einaste tosetar ledig. Alle sit med vesker i nabosetet, musikk på øyra, og augo att. No tenker du vel at eg kjem til å konkludere med at eg skal ta meg saman neste gong eg sit på bussen, gjer du ikkje? Men det har eg absolutt ingen planar om. Ikkje tale om at eg indirekte skal invitere folk til å sitte med meg! Nei, då vil eg heller kjenne på koleis det svir når eg får smake min eigen medisin. Kall meg egoistisk, men det er ikkje min feil at eg ikkje vaks opp nærare ekvator.