Close

Musikk og religion

Del innlegg

Han forkynner frå plattforma. Tusenvis har samla seg for å høyre på. Dei får teiknet, og gjentek hans ord. Det er søndag, klokka har nettopp passert tolv, og eg står på første rad. Framfor meg er Kvelertak, og konserten deira nærmar seg slutten.

Det som skjedde den natta er det næraste eg har kome ei religiøs oppleving. Kroppen forsvann, og bevisstheita som var att opplevde verda utan å tenke på fortid eller framtid. Det kan ikkje beskrivast, utan å høyres så pretensiøs ut at ingen tek deg alvorleg. Det er likevel slik det var då, og litt slik er det kvar gong musikk verkeleg treff meg.

Det er noko primitivt med rytme og melodi, dei rører ved noko langt inne i oss. Sterke kjensler blir henta fram, av lyden sjølv, eller av noko den minner oss om. For spillelistene er som eit kartotek av sinnstilstandar. Eg drar på fjelltur i solskinn, grin på gutterommet, står på ski i bitande kulde, eller flirer med vener rundt eit bål. Hovudet reiser, mens kroppen sit att i nåtid. Slik dreg musikk fram gamle kjensler, når den ikkje er for opptatt med dei noverande.

Nokon døyr, det er trist. Begravelsen kjem, og presten set preg på hendinga, men lydbølgane som treff oss når vi sit på kyrkjebenken får verkeleg underleppa til å dirre. Det er ein kjent kombinasjon. Religion og musikk. Englane syng i bibelen, og kristne syng i kyrkja. Over heile verda syng folk, og for det meste syng dei om det utenomnaturlege.

Det er ikkje så lett å skille mellom religion og musikk, synest eg. Får eg frysningar fordi sangen har dei rette akkordane etter kvarandre, eller fordi han syng Hallelujah i refrenget?

For meg er linane viska ut mellom dei. Musikk er min religion. Musikk er noko som løftar meg, og noko eg kan bli høg på.
«Musikk er folket opium» som Karl Marx nesten sa.