Close

Regionstein m.m.

Del innlegg

Sogn og Fjordane har eklogitt som fylkesstein, medan Hordaland har koronitt. Fylkesblomen i fjordafylket er revebjølle, medan dei sønnafor føretrekker kusymre. Gjerdesmett er fylkesfuglen her, medan kvitryggsmett er favoritten i Hordaland.

Dei ansvarlege bak regionreforma har ikkje teke innover seg den gryande kulturkampen, når to fylke no skal semjast om dei viktige symbola som me kan identifisera oss med og samla oss om.

Truleg vert fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling lett samde om eit regionhusdyr, men når me skal kåra regionfugl, regionstein og regionblome vert det nok verre.

Hordaland har kjerneverdiane kompetent, offensiv og i dialog. Sogn ogFjordane derimot, har verdiane innsikt, integritet, respekt og openheit. Det kjenner me nok alle på.

Fylkeskommunen i Hordaland har valt samfunnsoppdraget «vi utviklar Hordaland» (OBS. Må ikkje forvekslast med Rogalands «Vi utviklar eitt Rogaland»), og visjonen «nyskapande og attraktiv». Sogn og Fjordane har ingen av delane.

Ein kan jo berre ta Hordaland sine som regionvisjonen og -samfunnsoppdraget, men kvifor gjera det så enkelt? Her er det heilt klart rom for konsulentar, og heilt sikkert Ottar Wiik òg.

I tillegg treng me regionfisk og regioninsekt. Som hordalending frå kysten synest eg pale er ein naturleg regionfisk, men skal knott eller pissemaur vera regioninsektet?

Kan det vera at P1 står bak heile regionreforma, slik at dei kan ha nye kåringar i lokalsendingane?

Men éin ting kan me uansett semjast om: Vilde og Anna har skrive regionsongen.