Close

Trivselsfaktoren

Del innlegg

Den færøyske avisa Dimmalætting kunne i veka stolt melda at færøyingane brukar minst viagra i Norden. Færøyingane brukar berre halvparten så mykje som dei naturlege rivalane i Danmark. Finnane er dei verste, og brukar fem gongar så mykje potensmiddel som øynaboane våre ute i havet.

Sjølvsagt er Sogn og Fjordane fylket her i landet der mennene treng minst viagra. Trivselsfylket.

Faktisk er kartet over kven som brukar minst potensmiddel ganske samanfallande med kvar folk skriv nynorsk. Dei fire sterke nynorskfylka er på botnen: Sogn og Fjordane aller minst, så følgjer Rogaland, Møre og Romsdal og Hordaland. Ikkje så rart, vil eg seia. Aasmund Olavsson Vinje skreiv i eit brev til ein ven at «eg kann gjerne millom os segja [eg er] dreven av erectio penis». Det er songtid for poeten slik det er for fuglen, skriv han. Eg treng nok ikkje nemna at Ah.Oh. Vinje var den første skrivande som tok i bruk landsmål.

Om viagrabruken er likt fordelt, vil lite bruk tyde på lita kjønnsdrift. Men me kjenner jo frå før til at kvinnene i Sogn og Fjordane lenge har vore dei klart mest fruktbare i Noreg. Og det gjer seg ikkje sjølv. Kvifor skulle det ikkje vera slik? Tilhøva ligg jo godt til rette.

Rogaland er så vidt forbi no, men me får godta det så lenge Rogaland har fleire nynorskbarn i skulen enn Sogn og Fjordane. Og kven er mest fruktbare i Europa? Det er sjølvsagt dei islandske kvinnene, berre eit godt innslag framfor vestlendingane. På den andre sida høyrde me i nyhenda før jul at det er kristiansandarane med dei danske konsonantane som onanerer mest i landet.

Ikkje rart me er opptekne av språket i regionreforma. Tek dei frå oss språket, tek dei kjønnsdrifta med det same.