Close

Vingla meg fram til Førde

Del innlegg

Den tredje januar gjekk turen frå Kvinnherad til Førde. Eg hadde med meg ein koffert som eg til slutt hadde klart å lukke, etter store diskusjonar med meg sjølv, og etter å ha lagt tilbake halve klesskapet mitt. Kva som skulle vere med og kva som måtte bli igjen, hadde ikkje vore lett å finne ut av. Eg synest eigentleg ingen val er særleg enkle…

Min ubesluttsomme natur viser seg i dei fleste situasjonar. Berre eg skal kjøpe meg ny tannkost kan eg bli ståande timesvis framom hyllene og prøve å finne ut om Zig-Zag med tungeskrape frå Colgate er eit betre val enn Clean Between frå Jordan. Middag er ikkje noko enklare å finne ut av, og pålegg er iallfall vanskeleg!

Når det kjem til dei store vala i livet, er det sånn cirka like ille. Derfor har eg vore mykje fram og tilbake når det kjem til kva eg skal bli, når eg kanskje ein gong blir stor. I all denne rådvilla har eg sett for meg ei framtid som både musikar, psykolog, lærar, sjukepleiar, profesjonell turgåar – og eit knippe andre yrke. Men no vil eg prøve meg som journalist. Bakgrunnen min er kanskje prega av vingling, men valet om å søke meg hit var klart. Tenk at eg skal få boltre meg på nynorsk i Firda i fire månadar!

Eg kan ikkje love at eg aldri skal vingle igjen, men no er planen å vekse. Litt vingling og mykje vekst, det høyrest ikkje så dumt ut det?