Close

Ein liten lapp med lim på

Del innlegg

Eg har ein bunke med klistremerke liggjande i ei hylle. Dei er små, grå og firkanta. Kjedelege, eigentleg. Men på dei står det «You are beautiful». Du er vakker, på norsk.

Vi Nordmenn har eit rykte på oss for å vere kalde, uhøflege og inneslutta. Ein irsk ven av meg i Oslo, kjende haka treffe bordplata då han hadde laga middag til seg sjølv og dei andre i kollektivet. Han fekk ikkje så mykje som eitt smil til takk. Eg har fått høyre at sunnfjordingane er lite pratsame, etter at eg kom hit. Eg må vedgå at sjølv om vi er gode og varme menneske når du kjem innpå oss, er ikkje sunnmøringane særleg betre.

Klistremerkehobbyen min har ikkje grobotn i noko frelsarkompleks. Eg skal ikkje redde verda. Men det er like lett å stikke klistremerket i neven på jenta i bussetet ved sida av deg, som det er å late vere. Du får ikkje kjeft om du gjev bort ein ørliten papirlapp med lim på, med mindre du prøver deg på ein regnskogforkjempar. Du får ikkje kjeft om du smiler og helsar heller.
Denne veka har vi hatt nok ei mediedekt rettssak der Anders Behring Breivik får merksemd. Han meiner han er for isolert. Breivik veit at han skal sitje i fengsel resten av livet sitt, sjølvsagt skal han det. Det er å sitje åleine med seg sjølv han ikkje greier. At einsemda et opp livet ditt, er kanskje verre enn dødsstraff.

Eg fekk eit klistremerke som fortalde meg at eg var vakker då eg verkeleg trengde det. Han som gav det til meg har vorte ein ven. Eg har gjeve bort slike til personar på gata, ute på kafé eller på bussen. For det kostar meg ikkje noko å stikke eit klistremerke i neven på nokon og smile før eg går vidare. No har bunken støva ned. Eg har vandalisert døra på hybelen eg leiger, bankar du på hos meg er den vesle grå ruta det første du ser. Men eg kjenner at det ikkje er nok.
Eg er nemleg ikkje flink til å sjå dykk som er rundt meg. Eg er ikkje den som slår armane om deg med ein gong du fortel at du slit med noko. Eg er ikkje den som jamleg spør om korleis du eigentleg har det. Men eg skal prøve.
Vil du ha eit klistremerke?