Close

Lausbikkje på nytt spor

Del innlegg

Har du køyrt hovudet inn i peisen? Lo slekta då eg svartsminka auga mine i fjortenårsalderen. Eg fann stabilitet i å skilje meg ut frå fødselen av, som menneske med armdysmeli. No er eg bachelor i journalistikk, og lausbikkje på arbeidsmarknaden. Ei av svært mange.

Det var skrivinga som drog meg til journalistikken. Å leike med ord, er det beste eg veit. Av og til angrar eg på at eg ikkje gjekk fleire omvegar i den strake ruta mot journalistyrket. Bestefar var ishavsskipper, eg vaks opp med sjøsprøyt, fisk og høge fjell. Eg ønskjer meg til storbyen, men sit i Førde og gler meg til meir journalistikk. For ein veks best på det som er ukomfortabelt. Eg skal vekse på politikk og samfunn, tema som før fekk augeloka til å dale og sveitten til å springe fram i hendene. Den småsjenerte, svartkledde kulturnerden frå Sunnmøre skal henge seg fast i leggane på politikarar, grave opp saker som gjeld kommunar, fylke og land. Eg vil utfordre byråkratiet. For å få det til, må eg stå breibeint i eit anna uvêr enn eg er van med.

Løypa gjekk eg opp sjølv. Månelyset blenkte då far min skjøna at eg ville gå kunstfag på vidaregåande. Eg måtte då forstå at eg skulle gå allmennfag. Men eg ville bruke hendene mine. Måle bilete og bruke dagdraumane mine til å lage noko handfast. Det har hjelpt meg til å sjå form, komposisjon og god tekst. No vil eg utforske menneska. Eg vil setje dagsorden, grave fram kjenslene, nyhenda og konfliktane. Ta opp tabu. Gå ein annan veg enn straumen.