Close

Årsmøte i narsissisme

Del innlegg

Ein gong kvart halvår samlar det seg ein flokk høge hælar, vinflasker og latter i ei stove i Sunnhordland. Mange av hælane har reist frå dei store byane i Norge, medan nokre kjem frå nabobygda, men alle har den same dialekta. Temaet er ofte ein gjengangar. Kroppspresset gir alle mageverk.

«Kvifor har du det bildet som profilbilde?» «Kva meiner du?» «Nei, altså. Det er jo ikkje deg? Du har jo ikkje meterlange augnevipper og kinnbein ein kan stikke seg på?». Så vert ho fornærma. Så vert resten av jentegjengen fornærma på hennar vegner. Tenk å seie at du ikkje synest venninna di liknar på det redigerte spegelbildet i snapchatfilteret ho har som profilbilde på fjesboka. Du vert fort flokkens svarte får med ein slik kommentar. Flaks for meg at svart uansett er den dominerande fargen i kleshaugen min.

«Kvifor tok du silikon?» «Kva meiner du med kvifor eg tok silikon?» «Nei, altså. Har inngrepet gjort deg til ein betre person? Har du fått ein smartare og meir morosam kjærast på grunn av det?». Igjen ei fornærming. Igjen møllen blant alle sommarfuglane. Eg trivst uansett best i ullklede.

Å vere nøgd i eigen kropp er viktig. Men å kjempe for å vere nøgd i eigen kropp utan å endre noko er viktigare. Unge jenter i dag klagar over kroppspresset frå sosiale medium. I søkemotoren på Instagram, eller i ein butikk på nett, ser ein berre kroppar dei fleste av oss drøymer om. Presset for det perfekte angrip oss frå alle kantar.

Om du vil ha slutt på presset, slutt å leite etter det. Slutt å bla gjennom søkemotoren på Instagram til livsgnisten døyr ut. Aksepter at du ikkje er unik. Som oftast er det heilt over gjennomsnittet greitt å sjå ut som eit gjennomsnittsmenneske.

Ved neste årsmøte vil «hælane» atter ein gong la fingrane sveipe over snapchatfiltera, og eg vil framleis spørje kvifor. Kanskje det vil halde fram slik dei neste ti åra, utan noko anna endring enn at eg vil sove som eit uskuldig barn kvar natt, medan dei må sove på rygg i fare for at silikonet gneg ein veg inn i sjela.