Close

Den lokale utøvaren

Del innlegg

Kikcoff! Neidå, avspark er sjølvsagt ordet eg er ute etter. Vekk med ruskete SMS-språk og engelske erstatningsord. Ser de noko av dette gjenta seg hos meg dei neste seks månadane, skal de få lov å ta meg på det. Dette er avsparket mot eit nytt tilvære. Beiteskifte, etter nesten seks år bak lukka dører i Gjensidige Bank til frittgåande journalist – denne sjansen tek eg ikkje for gitt. Eg vil gjere mitt beste for å underhalde, informere og blidgjere deg i nokre månadar framover.

Å vere den einaste lokale i denne flotte gjengen med praktikantar ser eg på både som ei gåve og ei forbanning. Forventningane kjennest skyhøge ut. Eg er vaksen opp på gard i Gaular og har fått Firda inn med morsmjølka, men ivra ikkje særleg etter å lese avisa i oppveksten. Unntaket var då eg skulle leggje ho som skilje i papirsekkane med saueull. Du veit. Når både far og sau står der med eit ilskt blikk og ynskjer at ting skal gå litt radig, medan du tenkjer at du helst vil pusse ein ulv på dei. Eg veit betre no. Ikkje berre les eg Firda kvar dag, men sauebonde er eg attpåtil.

Gåva er at eg har kjentfolk kring meg som kan hjelpe meg med tips og idear. Og at eg truleg kan navigere rundt i trivselsfylkets krikar og krokar kjappare enn mine tilreisande medpraktikantar. Journalistikk er ingen konkurranse, men hadde det vore slik, håpar eg i alle fall at de sunnfjordingar ville gjort som de plar gjere i slike situasjonar – heie på den lokale utøvaren.

Av Rita Iren Hestad