Close

Del innlegg

Ein tidleg morgon denne veka høyrde eg ei forbanna Liv Signe Navarsete på radioen. Ho kjefta opp Arbeidarpartiets representant, fordi forsvaret må leige og ikkje kjøpe stridsvogner i det nye forsvarsforliket. Eg kjente litt sommarfuglar i magen.

På ungdomsskulen las eg sjølvbiografien til Eva Joly. Det var ei historie om ei kvinne som tok dommarjobben i 90-talets største franske korrupsjonssak, som involverte samfunnseliten og fann ein tidlegare utanriksminister skuldig i korrupsjon. Ho opplevde trakassering, overvaking, drapstrugslar og måtte leve med livvakter. Eg blei litt avstandsforelska.

Eksen min fall eg for då ho haldt eit skarpt innlegg på ein fagforeiningskonferanse med fleire hundre deltakarar, kor talarane stort sett var menn som pushar femti. Då banka hjartet litt ekstra hardt.

Eg liker folk som er villige til å snakke makta midt imot, sjølv om det kan komme ein storm dei må stå i. Dei som ikkje er redde for å heve stemma i saker dei meiner det er viktig å kjempe for. Slik som Aleksander Schau, som via Twitter avdekka ei rekke trakasseringssaker i mediebransjen, sjølv om dei sosiale sanksjonane kunne blitt harde.

Eller Kjetil B. Alstadheim i Dagens Næringsliv som kritiserte sin eigen eigar for eit gammaldags og øydeleggande kvinnesyn, i tillegg til den låge kvinnedelen i redaktørkollegiet og fråverande kvinnedelen i konsernleiinga.

Nokre gongar får ein velfortent skryt når ein står for det ein meiner. Dei to mannlege journalistane fekk klapp på skuldra frå ei samla kvinnerørsle og framstår i godt lys i etterkant, sjølv om faren for represaliar sannsynlegvis var stor.

Andre gongar kan ein kjenne seg som ein folkefiende og kjeftesmelle når ein tek den utakknemlege varslarrolla. Uansett er dissidentane viktige – dei som varslar når noko ikkje er greitt. Dei som kjenner verkelegheita og ikkje er redd for å formidle den.

Tormod Johnsen Ytrehus