Close

Hallejula du glitrande

Del innlegg

Hallejula du grøne og glitrande med kjære og nære eller utan nære alt etter kven du er og kor, og kva kort du har fått delt ut på moder jord. Eg skal heim til min fødestad, og for ein gongs skuld skal heile familien samlast heime hos foreldra mine, attpåtil med ei ny lita knertinne i gjengen. Det er ikkje alltid ein veit kor ein skal, i år er det fint å vite og stor stas.

Niesa mi har ikkje vorte fødd i ein stall, men vart unnfanga takka vere norsk helsevesen som behandlar lesbiske par på lik linje med andre ufrivillig barnlause. Det er ikkje alle forunnt, spørst kor i verda vi er. Flaks vi er her. For makan til dokke som spreier glede i klanen skal ein sjå mange år tilbake etter.

Litt sånn som Jesus. Det byrjar da verkeleg å bli ei stund sidan. Han skal vere beæra for at vi framleis hugsar bursdagen hans. Eg kan lett ramse opp ein del andre høgst levande folk eg har klart å gløyme bursdagen til, og som kan hende hadde vore meir takksame dersom eg hadde hugsa.

I haust vart eg òg kjent med ein kar som budde på Bergum asylmottak. Han trudde på Jesus og ikkje på Allah, og det er ikkje hipp som happ kva skaparen heiter same kor du bur. Fordi fyren på Bergum var kristen, kjende han seg ikkje trygg heime i Kurdistan. Han har sikkert bedt meir enn ei bøn om å få bli, men no har byråkratiet bestemt at han skal reise tilbake fordi – her i kongeriket er ikkje rom i stallen før jul. Og om det er litt farleg for han der, er det ikkje farleg nok for Listhaug og hennar disiplar. Halvekula attende til start. Jordkula, altså. Ikkje mykje å rope hurra for.

Så då blir det til samanlikning ein bagatell å skulle forsere dei norske vinterfjella og halve kongeriket for å komme seg heim, med ein lite vinterglad Toyota Yaris som doggar på innsida av glaset så fort passasjeren slepper ein fjert. Ja, for sjåføren driv ikkje med den slags, skal du vite. Det hjelper lite å dra krakken bortåt glaset, då. Om så bilen skulle seie stopp midt oppe på fjellet to dagar før julaftan, skal eg hugse å vere glad og takknemleg for at fødelandet heiter Norge, og så lenge batteria held skal eg synge med Chris Rea så moskusen skvett midt i juleførebuingane.

Av Beate Haugtrø