Close

Jesus, kyr og Ivar Aasen

Del innlegg

På jobbintervju i Nynorsk avissenter blei eg fortalt at dei mest irriterande austlendingane blei nynorskfrelste av å jobbe i Firda. Nett då syntest eg vestlendingen var vel hovmodig, som samanlikna eiga målform med religion. I dag er eg meir tvilande. Dei seier tru kan flytte fjell, og no har trass alt nynorsken flytta austlendingen heilt frå Bærum til Førde. Jo meir innsikt eg får i nynorskens verd, jo meir synest jamføringa mellom Gud og nynorsk å vere presis. Guds vegar er som kjent uransakelege, like så med nynorsk grammatikk.

På vegen opp hit lurte eg på kvifor det sprang kyr laus rundt på riksvegen mellom Sogndal og Førde. Ikkje visste eg at raudt kjøtt kunne vere ei bør for hjartet sjølv i levande format. No skjønar eg at vestlandsbonden er oppteken med å pugge korleis heilt like verb skal bøyast på to vidt forskjellige måtar. Han har ikkje tid til å sjå til at kua ikkje leikar i trafikken. Nynorsk ordliste skal ha for å vere minst like slitsam som bibelen, og ein må lide litt for frelsa. Om vestlendingen kjenner djupare meining med livet mens han puggar, veit eg likevel ikkje.

Jesus har aldri vore heilt mi greie, men kanskje nynorsken kan bli det. Førebels har frelsa late vente på seg, men eg kjenner ein ustoppeleg trong til å etterlikne Førde-dialekta. De får sjå det som ei diskré byrjing på sidemålstilbeding. Kven veit, kanskje er eg å finna igjen på Austlandet om eit halvår, bankande på døra til framande: «Har du eit ledig minutt til å snakke om frelsaren Ivar Aasen?».

Av Nora Rydne