Close

Kulturfetisjen

Del innlegg

Eit indianarkostyme har fått mykje merksemd den siste tida. Debatten har gått i om det er greitt at finansministeren kledde seg ut som ein indianar på kostymefest i Finansdepartementet. Uskuldig moro eller simpelt tjuveri av kulturen til eit urfolk?

Debatten er på mange måtar typisk for både landet vårt og det vestlege samfunnet. Tidlegare snakka ytre høgre om å verne den ariske rasen. No snakkar dei om å verne den nordiske kulturen. Ytre venstre brukte å snakke om klassekamp, men no snakkar dei mest om indianarkostyme. Og i sentrum har det blitt veldig populært å snakke om koselege verdiar som forsvinn når ein slår saman kommunar.

Om ein bruker kino- og teatertilbodet i fylket og Førde, har ein i tillegg kunne fått med seg to verk som tek for seg kulturell konflikt. Teaterstykket «Invasjon! » tek for seg identitetsproblema som oppstår av forventingane til folk med innvandrarbakgrunn. Kinofilmen «Hva vil folk si? » tek for seg ein tragisk dragkamp mellom norsk og pakistansk kultur, opplevd frå ein andregenerasjons innvandrar sitt perspektiv.

I begge stykka blir hovudpersonane avkrevd eit val. Anten frå familie eller omgangskrets. I det moderne samfunnet skal du velje identiteten din sjølv. Når du står i eit krysspress mellom ulike grupper, opplever ein det som frustrerande og urimeleg. Vi må sjølvsagt ta oppgjer med kvinneundertrykking i muslimske miljø. Eller muslimhets i kommentarfelt på nett. Men kor konstruktiv er den norske fetisjdyrkinga av kultur? Er det avgjerande at vi tek valet mellom bunad og burka, eller brunost og bønnerop. Er det verkeleg desse tinga som definerer oss som grupper og individ?

I staden for å fokusere på det som splittar, burde vi fokusere på det som samlar oss på tvers av religion og etnisitet. Det kan vere at vi lever i eit samfunn med sterke demokratiske institusjonar, med eit velfungerande retts- og utdanningssystem. Eller at nordmannen, polakken og muslimen har felles interesser på arbeidsplassen. Moglegheitene er mange.

Av Tormod Johnsen Ytrehus