Close

Sau er lik lommerusk

Del innlegg

Eg likar jobben min som gardsjente, det er gjevande å jobbe med dyr og stelle fint med dei, sjølv om eg veit at lagnaden deira er å hamne på middagsbordet ditt. Hausten er tida for dette. Høgt til fjells. Sanking, og så slakting.

På Nortura sine nettsider les eg ut frå ein plansje at dersom eg sender sauen min til slakt i dag, kan eg få alt frå 0,25 kroner til 7,25 kroner per kilo, avhengig av kva klasse sauen hamnar i. Når eg blar meg litt ned på sida, kan eg lese av kor mykje feittrekk ein kan få. Her går skalaen frå ei krone til 11 kroner. Fleire enn eg som tenker at dette ikkje alltid kan gå opp …?

I butikken ser eg prisar som verkeleg skrik at eg lever i eit velferdssamfunn. Lammesteik hos Spar – 229 kroner kiloen. Sjå det ja, då snakkar vi berre om differanse på 222 kroner inntekt mellom meg og butikken, i beste fall. Men så er det nok slik, at uansett kor billeg ein gjer lammesteika, vil den likevel ikkje gå som «hakka møkk». Vi treng ei utviding av bruksområdet til sauekjøt.

Tidlegare i veka kunne vi lese artiklar om bønder som fekk litt lommerusk for sine sauer, og ein av dei måtte grave djupt i same lomma for å kunne kjøpe dyra tilbake etter slakt. Eg er redd dette tek motet frå kvar ein ung odelsgut og -jente.

Nortura er bonden sitt selskap. Merkeleg då at dei betalar oss så dårleg, men tener, bokstavleg talt, feitt på dyra våre. På siste reis mot Nortura bør vi kanskje byrje å gjete sauene våre gjennom Førde sentrum for å sleppe bompengar. Pengar spart er pengar tent. Det kunne blitt den nye Førdefestivalen.

Frå 2013 til 2016 vart det lagt ned 2662 gardar, dette tilsvarer meir enn to gardsbruk kvar dag i denne treårs-perioden. Ganske vilt å tenke på. I Noreg har vi 28 000 husdyrprodusentar i 2017, og desse skal altså mate heile Noreg?

Å vere bonde i dag kan snart samanliknast med frivillig arbeid, og då er det jo litt dumt at det nye statsbudsjettet nyleg la opp til å kutte heile «Post 1138 Støtte».

Av Rita Iren Hestad