Close

Super-menneska

Del innlegg

Eg forstår det ikkje. Småbornsforeldre. Er dei i det heile menneske? For nokre år tilbake kjende eg meg heilt klar. For ikkje å snakke om at tida mi rann ut! Eg var 23 år. I dag er eg 27 år, og har ikkje nok armar og bein til å gjere det eg skulle ha gjort.

Eg går på jobb, dette tek jo ein ganske stor bete av dagen. Etter jobb, må ein jobbe meir, med saker og ting ein ikkje fekk gjort på jobb. Eg tek litt utdanning på sida. Så heimebana – sambuar og 100 vinterfora sauer, ein hest og ein hund. Når kjem teknologien som gjer at vi kan dele oss opp i fleire personar?

Småbornsforeldre. Korleis greier de det? Har de funne opp finurlege måtar å gje døgeret fleire timar på? Ver så venleg å del hemmeligheten dykkar med meg! Eg ser småbornsfar og mor, fikse og ordne, køyre, handle, leike og smile. Ja, for de smilar – endå de heilt sikkert må vere utsletne. Kva er dykkar hemmelege våpen?

Eg er ingen morgonperson. Når eg stiller vekkarklokka om kvelden, likar eg at den svarar «Denne alarmen er angitt for åtte timar og fem minutt frå no». Gje meg skjønnheitssøvnen min, og du får i retur ein person som ikkje bit av deg hovudet om morgonen.

Min morgon i dag, var det som verkeleg sette ting i perspektiv. Litt uforutsett for meg, hadde «gardsbestyraren» tenkt at eg skulle hjelpe han å flytte nokre av dyra våre før eg kunne fare på jobb. Med sauer rundt meg på alle kantar, brølar eg av frustrasjon når eg innser at morgonen min ikkje blir som tenkt. Eg får ikkje tid til å somle meg klar på badet. Istaden blir det ein rask dusj. Så rask, at når eg er ferdig å tørke meg etterpå, sveittar eg enno. Èin kaotisk morgon for meg, kvardag for dykk.

Småbornsforeldre, eg ser dykk. Med stoisk ro i kaoset. På matbutikken, i bilen, ved middagsbordet, leksehjelpa. De er mine førebilete. Er det håp for meg? Eg har allereie meldt meg inn i Støttegruppa for B- menneske på Facebook.

Av Rita Iren Hestad