Close

Trafikk og forderving

Del innlegg

Det er mykje å irritere seg over i livet. Trafikken i Sunnfjord, til dømes. Er det noko som held ein sunnfjording vaken om natta, må det vere at han framleis står fast i trafikkork i Førde sentrum etter arbeidsdagen.

Eg har vanskeleg for å forstå korleis trafikken i Førde kvar einaste dag er verre enn rushtrafikken i Oslo to dagar før julaftan. I Oslo bur det 660.000 menneske, her i andedammen bur det 13.000. Sjølv om eg veit at folk pendlar til jobb frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-bygdene rundt Førde, forstår eg ikkje korleis 13.000 menneske lagar meir krøll enn ein halv million.

På bystyret sist veke vart blokker som skal byggast på Smestad diskutert i ein halvtime, medan trafikkonsekvensane som innflyttarar vil føre med seg var oppe i eitt minutt. Eg har ikkje nilese adressene til politikarane, men eg er rimeleg sikker på at ingen av dei bur i Angedalsvegen. Men der bur eg, og hadde eg vore politikar hadde eg heller starta å rive bygningar der, i staden for å bygge. Eg skal forklare kvifor.

Syklistar i Førde. Kvar dag på veg til jobb, oppstår det kø på grunn av dei. Alle kan sjå at det ikkje er rom for meir enn to møtande bilar på denne strekninga. Når syklistar då syklar midt i køyrefeltet, fullt klar over køen dei lagar, er dette noko eg kunne irritert på meg eit utslett av. Som tar meg vidare til den største irritasjonen.

Farta til bilistane. Alle sunnfjordingar ligg under fartsgrensa. På grunn av diagnosen tidsoptimisme, har eg lært meg å køyre for fort, men forsvarleg på same tid. Altså, eg brukar 40 minutt på ein tur som skal ta ein time. Men, den teorien fungerer dårleg i praksis med ein avslappa og strukturert sunnfjording framfor meg, som har til vane å halde farta til ein syklist, sjølv på E39.

Dette er berre ein brøkdel av alt eg kunne irritert meg over. Men sidan eg lever i Norge og har det eg treng, vert det småleg av meg å pirke på dårlege prioriteringar av lokalpolitikarar og evneveike syklistar. Ein må klare å legge i-landsproblema til side og sjå heile verdsbildet, der våre medmenneske slit med å brødfø borna deira kvar dag. Men heilt seriøst. Om du ikkje slepp meg forbi eller gassar litt på neste gong du møter på meg på E39, legg eg rekninga på kortisonsalven i postkassen din.