Close

Digital påske

Del innlegg

Påska er over for denne gong, og knallvêret har blitt erstatta av snø, regn og anna elende. Med solbrente nasar kjem folk tilbake på jobb etter å ha hatt ein etterlengta ferie med familien. Kos, skiturar, blå Swix, Kvikk-Lunsj og appelsin er stikkorda.

Men høgtider gir også gode moglegheiter for å feite opp bildekontoen på sosiale medium. «Er det ikkje på insta, har det ikkje skjedd», er mantraet. Dette gjeld spesielt i påska.

På skiturane treng ein minst tjue stopp i timen for å ta bilde av naturen, familien og ein sjølv. Då får ein sjølvsagt også sjansen til å få vist fram den nye vinterjakka og dei nye langrennsskia – alt med rosemåla filter på Instagram.

No har det gått så langt at mange har med nye familiemedlemar ut på tur: selfie-stenger eller i verste fall dronar med kamera: Ein flygande robot som virrar i luftrommet over familien for å dokumentere at ein jaggu har det koseleg, sjølv om ein ikkje får det med seg.

Når ein først er inne i hytta, blir skistavane fort skifta ut med mobilen. Då er det gjerne tal på «likest» og kommentarar på bilda frå turen ein borar auga fast i. Til og med høgdepunktet brettspel blir erstatta av digitale variantar. I staden for å sitte rundt bordet i full konsentrasjon for å bli eineeigar av monopolpengane, sit ein med kvar sin mobil og speler – gjerne mot folk som ikkje er til stades. For oss som er allergiske mot appelsinar og skiturar, er det gjerne berre dette påska består av.

I ein elles digital kvardag, der ein grip etter mobilen etter tre sekund med stille, bør høgtidene brukast på familien. Så til neste gong skal i alle fall eg på digital avrusing: Mobil og nettbrett blir liggande urørte. Høgtida skal nytast analogt. Viss det går.

Av Thomas Vie Nordeide