Close

Frå hat til hugnad

Del innlegg

Det at eg skriv nynorsk, kjem ikkje som ei overrasking på dei fleste eg møter. Som ung mann frå Hardanger er det sjølvsagt at eg skal skrive nynorsk. Like sjølvsagt som at bergensarar er høglydte, og at sunnmøringar er gjerrige, er det at hardingar elskar nynorsk nesten like mykje som dei elskar sterk eplesider. Men for meg var altså historia opphavleg ganske annleis.

Året var 2002. Eg skulle byrje på Odda barneskule og måtte difor velje norsk hovudmål. Sidan eg alltid har vore glad i å lese, verka det ganske naturleg å velje bokmål. Eit språk med ordet «bok» i seg, måtte jo trass alt vere gode greier. Dimed var det gjort, og eg vart del av eit av dei meir radikale parallellsamfunna i verda: Hardingar som skriv bokmål.

Dei neste åra lærte eg og klassekameratane mine å hate nynorsk, eller «grautmål» som vi kalla det. Utan å vite det sjølv blei vi dradd inn i ein årelang feide mellom bønder og industriarbeidarar – ein strid mellom nynorsk og bokmål.

På vidaregåande, etter ei årrekke der eg hata nynorsk, byrja eg så smått å endre meining. Etter kvart som kjærleiken min til norskfaget blømde, utvikla eg òg ein kjærleik til nynorsken. Mot slutten av skuletida skifta eg hovudmål, og det var då eg verkeleg fann den språklege identiteten min, og plassen min i samfunnsdebatten.

Tre år seinare sit eg i Førde og er praktikant ved Nynorsk avissenter. Artig korleis ting blir til!

Av Vetle Mikkelsen