Close

Mannen i mitt liv

Del innlegg

Eg har møtt mannen i mitt liv. Han er teit, sånn halvvegs morosam (trur han iallfall), og vi er stort sett einige om det meste, sjølv om han ofte går meg på nervane. Eg har vore ganske kjip med han til tider, men han endar alltid opp med å tilgi meg til slutt. Eg trur faktisk eg kan vera med han resten av livet mitt – noko anna skulle vel tatt seg ut, med tanke på at det er meg sjølv det er snakk om!

dette er ikkje starten på ein narsissistisk tirade om kor fantastisk eg er. Til liks med alle andre har eg nemleg både gode og dårlege sider. Nei, dette er eit kræsjkurs i å bli betre kjent med den personen du er nøydd til å vera med kvar einaste dag i livet ditt: Deg sjølv. Så skal det seiast at alle er ulike, så mi oppskrift må kanskje justerast litt, etter personlege preferansar.

Men det er vel allmennkunnskap, og eigentleg ganske klisjé, å snakke om å kjenna og å vera glad i seg sjølv? Det kan så vera, men klisjéar funkar som oftast. Det er difor dei er klisjéar.

Sjølv har eg lenge prioritert forholda mine til andre over forholdet til meg sjølv. Som følge har eg ikkje trivest i eige selskap – noko som vert ekstra dumt, i dei periodane ein, av ein eller annan grunn, ikkje kan eller orkar å vera ute blant folk.

Det er ikkje dermed sagt at ein skal slutta å vera med andre. Folk flest er sosiale dyr, og treng menneskeleg kontakt. Men av og til kan det vera lurt å ta deg ein dag med berre deg. Gjer noko du likar. Les eller skriv noko gøy. Gå ein tur. Sjå ein heil sesong av ein serie på Netflix, eller unn deg sjølv ein betre middag. Og om du skulle ha det ekstra kjipt ein periode: Unn deg sjølv å søka hjelp.

Så har no eg funne mannen i mitt liv. Vi kjem nok til å krangla ein del i løpet av åra. Kanskje vil det òg komma dagar der vi hatar kvarandre. Likevel kjem vi nok til å halda saman for alltid.

Men kven veit? Kanskje det er plass til ein til. For du veit kva dei seier: Det er betre med ein god trekant enn ein vond sirkel.

Av Vetle Mikkelsen