Close

Nazisme er noko drit

Del innlegg

Året er 2012. Nicki Minaj, One Direction og Carly Rae Jepsen toppar listene. Verda skal visstnok snart gå under, og Vetle (16) er på klassetur til Tyskland og Polen. Sarte sjeler bør nok stoppe å lese etter dette avsnittet.

Klassen har nettopp vore på ein rundtur i Berlin, der vi har fått gjere litt som vi ville. No er det tid for den meir alvorlege delen av turen, sjølve hovudgrunnen til at vi er her: Å kome andlet til andlet med følgene av nazisme og rasisme.

Vi blir vist rundt i Sachsenhausen. I dr. Mengele sitt laboratorium, fortel tidsvitnet om grufulle eksperiment på tvillingar. Stemninga er nedtrykt. Tidsvitnet spør om eg treng ein pause. Eg er visst ganske bleik i andletet. Ja, eg treng vel kanskje ein pause. Det er trass alt ganske tunge greier vi skal fordøye. Eg blir fysisk dårleg berre av tanken, merkar eg.

Då vi kjem til kvinneleiren Ravensbrück, blir eg igjen ved bussen. Eg er framleis ikkje heilt i form. Det er som om eg vert heimsøkt av stygge- dommen som vart utført her, av nazistane sine ugjerningar.

Det er usikkert kor lenge dei andre er borte, men det kjennest som fleire timar. Det verker i magen. Luft, sannsynlegvis.

Eg tek sjansen på ein fis, sidan det ikkje er andre folk på plassen. Det er då det skjer. Det var ingen fis. Eg drit. Eg drit meg ut, bokstaveleg talt, midt i ein konsentrasjonsleir i ingenmannsland.

Har du nokon gong sett ein strandkrabbe? Det må ha vore omtrent slik eg såg ut, der eg gjekk sidelengs mot resepsjonen og stotra på gebrokkent tysk: «Wo ist das Toalett?»

Vel inne på toalettet herskar det ingen tvil: Det er ikkje berre nazismens spøkelse som heimsøker meg i dag, men også spøkelset til den gulasjen eg kjøpte på gata i Berlin tidlegare i dag.

Eg lærte to viktige lekser den dagen:

1) Ikkje kjøp gulasj på gata i Berlin.

2) Nazisme er noko drit. Bokstaveleg talt.

Av Vetle Mikkelsen