Close

Ope brev om skryt

Del innlegg

Alle kjenner til dei, dei fleste har late seg irritere. Dei elskar seg sjølve, dei har inntatt og erobra sosiale medium og vi har endåtil ein ekstremvariant i det kvite hus. Vi snakkar om skrytarar. Ikkje om dei som skryter litt hist og pist. Det må vere lov. Dei det er her snakk om, er dei som har gjort skrytegjerninga til ein sentral del av identiteten sin, dei vi hadde sendt til verdsmeisterskapen i å snakke vel om seg sjølv.

Det store spørsmålet i vår tid – om det har blitt meir skryt, eller om det berre er meir synleg i dag – får vente til ein annan gong. Her kjem i staden ei oversikt over dei verste typane skrytarar.

Først ut (sjølvsagt) er dei som kombinerer skrytet med pølsevev. Dei tok lappen på barneskulen, dei kan halde pusten i minst fire timar og kvar jul finn dei heile posen med mandlar i grauten. Desse er som regel så høge på seg sjølv at dei korkje får med seg høglydte sukk eller like høglydt augehimling frå dei rundt. Desse er verst.

Så kjem den velkjende snikskrytaren. Denne varianten pakkar skrytet inn i noko som tilsynelatande er negativt. «Åh, det er så kjipt at eg knakk foten då eg feira at eg vann i Lotto. Det gjer skikkeleg vondt. Eg nemnde at eg vann i Lotto, sant?». Imponerande.

Til sist, men eigentleg før dei første, finn vi dei som alltid skal vere betre: Konkurranseskrytarane. Har du ti fingrar, har dei elleve, har du det vondt, har dei det verst. Har du to av dei på same stad, vil det ingen ende ta, og du blir fort vitne til ein eskalerande, og ikkje minst fascinerande, skrytekrig.

Vi vanlege dødelege treng fred. Kva er løysinga? Ei moglegheit er å ignorere det. Ei anna er å få jantelova inn i straffelova. Eg stemmer for det siste.

Av Thomas Vie Nordeide