Close

Stao no pao

Del innlegg

Denne helga vert Eliteserien sparka i gang. For alle saftkokarar er det med eit hjartesukk, sidan årets Eliteserie går utan askeladden frå Sogndal. Ikkje før såret etter den brutale nedrykkskampen i Ranheim har grodd, blir Sogndal-supporterane brutalt minte på kvar deira skjebne for 2018 blei bestemt. Eliteserien opnar nemleg på same bane som Sogndal blei sendt ned på.

Det greie med norsk fotball er at vi veit kva vi har å vente. Ingen ved sine fulle fem forventar tekniske finessar og prestasjonar som tek pusten frå dei. Noko som derimot er garantert når dei første kampane blir spelt i mars, er dårlege grasbaner, glisne tribunar og breiale bergensarar som innkasserer gullet etter tre sigrar på rad.

Men trass i at vi i 2018 berre er eit tastetrykk unna det ypparste fotball-Europa har å by på, vender den harde kjernen tilbake. Om det er i snø og minusgrader på Alfheim eller pøsregn på Stadion, så står dei der, gjerne i berr overkropp.

Det er desse fortapte sjelene som held norsk fotball i live. Vi som kjenner det krible når seriestart nærmar seg, sjølv om vi veit laget vårt er dømt nord og ned av alle ekspertar. Mange av oss brukar det dei har av fritid på å følge ein gjeng med overbetalte, middelmåtige fotballspelarar.

Men av og til får vi sjå meir enn berre det. Av og til dukkar det opp eksepsjonelle spelarar som nærmast dansar seg i mellom motspelarane. Sjølv har eg hatt gleda av å sjå unikumet Magne Hoseth score frå 50 meter mot RBK, eg har sett John Carew senke Portugal på Ullevål og vore vitne til ein Martin Ødegård med fabelaktig nærteknikk. Det er desse spelarane og desse stundene som gjer norsk fotball så vakkert.

Så til oss supporterane, til saftkokarane og til norsk fotball generelt; Stao no pao. Det kjem lysare tider for dykk alle. Superlaget frå Sogndal blir ikkje å finne i Eliteserien i år, men det herskar liten tvil om at dei kjem tilbake. For laget frå saftbygda har på mirakuløst vis etablert seg i toppen av norsk fotball.

Av Torvald Hjelden Sætrang